Kvar kjem utsleppa frå, og kva er det?
Utsleppa har ulikt opphav, og det varierer kva forureininga er for noko. Det er generelt vanskeleg å finne opphavet til forureininga, og dermed den ansvarlege.
Utslepp til hamnebassenget på Husøy er ofte returvatn, som går frå bedrifta til båten etter at fisken er levert, kor noko av dette hamnar på sjøen enten medviten eller som eit uhell. Returvatnet inneheld blant anna fiskerester/-fett, og medfører tilgrising av strandsona.
Frå båtar så har det òg vert forureining som følge av spyling av båt med såpe og forureining av mineralolje, som etter forureiningslova er meir alvorlege forureining. Dette er òg hendingar kor sjøfartsdirektoratet kan gi gebyr for brot på føresegnene, då det er eit direkte brot på lova dei forvaltar.
Det har òg vært forureininga frå verksemdene på land, kor avløp har komet opp til overflaten og gjennom lossing av vegetabilskpulver i vind der noko av dette har hamna på sjøen.
Kven har mynde for forureining i sjø?
Kven som har mynde for forureining i sjø avhenger av forureininga og kvar den kjem frå.
Sjøfartsdirektoratet har mynde for forureining frå skip, saman med Kystverket. Det er derimot nokre avgrensingar i kva som er rekna som forureining, slik at Sjøfartsdirektoratet kan berre gi gebyr for brot på føresegnene i gjeldande hendingar:
- Lastebåtar som frakter fisk og slepp restvatnet på sjøen
- Fiskebåtar som tek i mot returvatn frå landbaserte verksemder, kor restvatnet hamnar på sjøen.
- Avfall frå båtar som blir kasta på sjøen
- Utslepp av kjemikaliar frå båt: oljer, såper og andre kjemikaliar.
For å kunne gi eit gebyr for brot på føresegnene er det ein høg bevisbyrde. Det må difor vere godt dokumentert kven som er ansvarleg for hendinga, og kva som er årsaka til forureininga.
I Sjøfartsdirektoratet sitt lovverk er det lovleg for fiskebåtar å sleppe ut fisk og fiskeproduktet. Dette uavhengig av eventuelle miljøkonsekvensar av utsleppet.
Fylkesmannen er forureiningsmynde for dei fiskerirelaterte verksemdane på Husøy. Dei har ansvar for forureining som kjem frå verksemda på land, og ikkje forureining frå båt.
Brannvesenet, og Karmøy kommune, har aksjonsplikt mot forureining av farlege stoffar.
Kvifor ryddar ikkje brannvesenet opp fiskefeittet?
Brannvesenet har berre aksjonsplikt for forureining av farlege stoffar, som mineraloljer og andre kjemikaliar. Fiskefeitt inngår dermed ikkje i det som brannvesenet normalt aksjonerer mot. Brannvesenet har òg av erfaring lært at det er lite hensiktsmessig å legge ut lenser for å forsøke å samle dette opp. Dette fordi lensene ikkje vil bidra til spreiing, då feittet i hovudsak vil gå under lensene.
Melde ei hending til politiet?
Forureining og andre miljøhendingar kan meldast til politiet, men det er ikkje alltid at melding til politiet er den beste og mest effektive forfølginga av ein hending. Vi tilrår difor at hendingar først blir rapportert til kommunen, slik at vi kan vurdere om omfanget og karakteren til hendinga gir grunn til melding til politiet. Vi vil då òg vurdere om saken skal sendast til andre etatar.
Viss du likevel ønskje å melde hendinga til politiet, så tilrår følgjande:
- Du må difor gjere ein vurdering av om du ha gode nok bevis og dokumentasjon til at politiet kan følgje opp saka etter straffelova. Politiet og straffelova stiller generelt høge krav til bevis, og sakar med manglande bevis blir ofte lagt bort.
- Følg mala for melding til politiet, og svar den opp så godt du kan. Mala er i hovudsak tilpassa hendinga “forureining i sjø”, men vi tilrår at denne malen òg blir nytta til melding av miljøkriminalitet generelt.
- Lever meldinga personleg til politikontoret. Det er politikontor i Haugesund og i Kopervik. Alternativt kan meldinga sendast som brev i posten. Meldingar som blir sendt på e-post blir generelt ikkje vurdert.
Politiet kan òg opprette sak på eiga hand. Vi og politiet tilrår difor at du varslar politiet på: 02800 når du ser ein alvorleg hending på Husøy. Dette kan vere ein hending kor båt medviten slepp ut større mengder med restvatn, såpe eller anna på sjøen.