Veteranplan, 2024 - 2027

2 Innsatsområde

2.1 Innsatsområde 1 – anerkjenning og verdsetjing

Kommunen skal verdsette veteranane for den innsatsen dei har lagt bed gjennom si deltaking i internasjonale operasjonar. Det kan være ulike oppfatningar om grunnlaget for norsk deltaking i krig og konflikt. Uavhengig av dette, fortenar den enkelte veteran verdsetjing og respekt for viljen til å risikere liv og helse for landet. 

Seremoniar og offentlege markeringar er eit viktig og synleg uttrykk for samfunnet si verdsetjing av innsatsen og den enkelte veteran. Lokale markeringar er av betydning for å famne flest mogeleg og medverkar til å synleggjere at veteranar også er en del av lokalsamfunnet.

8.mai er Norges frigjerings- og veterandag. Dette er den viktigaste dagen for å anerkjenne veteranar frå andre verdskrig og samtidig trekke linjene frem til dagens veteranar. Minnesmerke etter falne frå andre verdskrig finnes i mange av landets kommunar. Ytterlegare finnes det også minnesmerke over falne og innsatsar frå nyare tid.

2.1.1 Tiltak

Markering av Frigjerings- og veterandagen 8. mai og FN dagen 24. oktober.

Lokale markeringar er av betydning for å famne flest mogeleg og bidrar til å synleggjere at veteranar og er ein del av lokalsamfunnet. Det er ønskeleg at det blir årleg felles markering i kommunane saman med veteranforeininga i distriktet.

Bruk av Veteranar sin kompetanse i nærmiljøet

Veteranar frå internasjonale operasjonar er ein ressurs som kan anerkjennast ved at kommunane nyttar kompetansen i nærmiljøet. For eksempel i samband med FN-dagen 24. oktober, eller der det passer med opplæringsplanar, bør skulene vurdere å nytte lokale veteranar i opplæringa. Dette vil synleggjere veteranane sitt bidrag i internasjonale operasjonar. Veteranforeiningane har utarbeidd lister med ressurspersonar.

2.2 Innsatsområde 2 – Ivaretaking av veteranar, born og familiar

2.2.1 Tiltak

Veterankontakt

For å kunne anerkjenne, ivareta og følge opp veteranar og deira familiar treng ein kunnskap om veteranane og deira utfordringar. Samtidig må ein vite kven som har kunnskap og kan være ein ressurs for kommunane, samt kven som kan bidra med kompetanseheving av kommunen sine tilsette.

Forsvaret oppfordrar kommunane til å utpeike ein veterankontakt. Denne vil være et viktig kontaktpunkt for veteranar, deira familie, samt andre aktørar innanfor veteranområdet.

Kommunane som er omfatta av denne planen har ein felles Veterankontakt som har ansvar for å sikre årlege møtepunkt mellom kommunane og veteranane i regionen gjennom Norges Veteranforbund for Internasjonale Operasjoner, avdeling Haugalandet.

Kommunehelsetenesta

Kommunehelsetenesta kan nytte seg av kompetansemiljøet ved RTVS for å halde kurs eller fagdagar der det er behov. Veteranforbundet SIOPS – Skadd i internasjonale operasjonerhar og kompetanse rundt helseutfordringar relatert til veteranar og veteranfamilien og kan nyttast til informasjon og
opplæring.

Kommunane v/Veterankontakt bør og informere om eigen funksjon, her særskilt:

  • Kommunepsykolog
  • Kommuneoverlege
  • Kommunens fastlegar
  • Familievernkontoret
  • Helsesjukepleiarar
  • BUP
  • Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk - NAV

Informasjonsmateriell

Det vert utarbeidd ei kort informasjonsside på kommunane si heimeside der det vert vist til tiltaka i Veteranplanen.

Veteranhus 

Veteranforeininga på Haugalandet, som har medlemmar frå kommunane som er omfatta av denne planen, disponerar eit hus i Austbøvegen i Karmsund, Karmøy Kommune. Huset vert nytta til ulike medlemsaktivitetar for veteranar og nærståande av veteranar, og er organisatorisk uavhengig av NVIO Haugalandet. Kommunane anerkjenner veteranforeininga sin bruk av dette huset.

2.3 Innsatsområde 3 – Oppfølging og omsorg

2.3.1 Oppfølging

Oppfølging vil skje med bakgrunn i et definert behov. I de tilfella der veteranar har fått utfordringar som følgje av si teneste i internasjonale operasjonar, vil dette og kunne få følgjer for deira familie og pårørande. Problematikken kan være kompleks og involvere fleire kommunale instansar.

Samhandling og forståing for dei ulike faginstansane si betydning i handtering av komplekse problemstillingar kan vere viktig for ei heilskapleg oppfølging. Forsvaret har lagt til rette for at den enkelte veteran kan få overført sin militære helsejournal frå Forsvaret til fastlege eller andre helseinstitusjonar, dersom veteranen ønskjer dette.

Forsvaret har ei avgrensa oppfølging av veteranar ved Forsvarets sanitet ved Institutt for militærpsykiatri og stressmestring (IMPS) og ved Nasjonal militærmedisinsk poliklinikk (NMP) som strekker seg i eitt år etter teneste. Dette er eit lågterskeltilbod for veteranar frå internasjonale operasjonar.

2.3.2 Tiltak

Skule og barnehage

Kommunane skal sikre opplæring til tilsette i skular og barnehagar om borns mogelege reaksjonar på foreldre si tenestegjering i internasjonale operasjonar. Auka merksemd og innsats overfor familiane bidrar til å redusere stress og helseproblem. For tilsette i skular og barnehagar er det særleg viktig å vere informert og ha kunnskap som gjer at barn blir ivareteke på ein god måte.

Det er viktig at familien gjev informasjon til lærarar og barnehagepersonell slik at problem kan førebyggjast. Forsvarets veteranteneste, RVTS og helsesjukepleiarar kan vere viktige ressursar, forutsett at dei har rett kompetanse. Skulane bør vurdere å nytte lokale veteranar i undervisning, for eksempel i samband med FN-dagen, eller der det vil passe med undervisningsplanar.

Kompetanseheving og informasjon til fagpersonar i kommunane

Kommunane kan ved behov, og i samarbeid med lokale og regionale ressursar, legge til rette for fagdagar om relevante tema for veteranar. Gjennom KS læring finnes det modulbaserte Elæringskurs, der tenestene sjølv kan velje modular som er relevante.

Kommunehelsetenesta

Kommunen sine helsestasjonar skal være merksame på eventuelle behov for ekstra støtte og vegleiing til familiar der eitt eller fleire familiemedlemmer er eller har vore i internasjonale operasjonar. Helsesjukepleiar skal sikre oppfølging av familien, og ha eit særskilt auge for borna i familien som ein møter på helsestasjonen og i skulehelsetenesta. Om naudsynt kan helsesjukepleiar vise vidare til andre støtte- og hjelpetilbod som for eksempel lågterskel psykologteneste.
Helsesjukepleiar kan og vere ei god støtte for familien og kan gje informasjon om andre støtte- og hjelpetilbod.

Evaluering

Ei første evaluering av den interkommunale veteranplanen skal utførast innan utløpet av 2026, og seinare minst ein gong i kvar kommunestyreperiode.