Astrid Havn Tranøy
Aktivitetar for barn og ungdom
School of Rock
Vegard Fossum
Spelar du eit instrument? Bli med på rockeskole på Torvastad kultursenter mandag 22. til torsdag 25. juni klokka 16:00 til 20:00. Meld deg på om du spelar i band eller ikkje. Det blir fokus på musikkproduksjon i studio og det vil og bli arbeid med låtskriving, grafisk design, eigendistribusjon og marknadsføring. Deltakarane blir delt i grupper/band, og kurset passar ungdom frå ca. 12 til 20 år. Mentorar er Georg Yrkje Bleie og Sondre Fossum.
Meir informasjon og påmelding
Open ungdomsklubb og kafe i sommar på Anna Eegs i Kopervik kulturhus
Anna Eegs treffstad har open ungdomsklubb onsdager kl 17:00 til 22:00 og fredager kl 18:00 til 23:00 frå onsdag 22. juli.
Sjekk ut sommarprogrammet på kino.
Kinoprogram
Gratis sommarkino for barn
Gratis sommarkino kvar tysdag klokka 12:00 frå og med 30. juni til og med 28. juli. Følg med på Karmøy kino sine sider for program.

Vi lager skumtrykk på biblioteket
Tirsdag 30. juni og 7. juli kl. 13 blir det skumtrykk på biblioteket. Pynt et handlenett med dine helt unike sjablonger. Det er en person som har ansvar for aktiviteten, men alle under 10 år må ha med voksen.
Tirsdag 14., 21. og 28. juli setter vi fram perler til å lage perlearmbånd som du kan lage mellom kl. 13 og 18. Her er litt forskjellige typer perler og tråder, i tillegg til oppskrifter på to metoder for å lage avslutning på armbåndet. Trenger barnet ditt hjelp av en voksen, må du som forelder være til stede.
I tillegg får alle fire bibliotekene paradis på gulvet, og det legges fram litt forskjellige aktivitetsark, gjennom hele sommeren.
Bli med biblioteket og les 1. juni-31. august
Øyvind Sundfør Stokke-Zahl
Som vanlig har biblioteket Sommerles. Alle som går i 1.-7. klasse kan delta. Her registrerer du hva du leser gjennom sommeren og kan etter hvert hente premier på biblioteket.
I år blir det sommerlesavslutning mandag 7. september kl. 18. Der får vi besøk av Vegard Markhus som leser, synger og tegner. Vi avslutter med å gjøre stas på Sommerles-deltakerne og har trekning av premier.
Sommerles 2026 | Karmøy folkebibliotek
I år er det også mulig å delta i Sommerles for voksne. Det er blitt laget et bingobrett som alle som er for store til Sommerles kan hente og fylle ut. Hovedpremie er årskort på kaffeautomaten på biblioteket i Kopervik, men vi trekker også flere gavekort til bokhandel.
Sommerles for voksne | Karmøy folkebibliotek
Stranddag på Åkrasanden og Sandvesanden
Åkrasanden og Sandvesanden, kjent for sine vakre, kvite strender, er perfekte for ein dag ved havet. Ta med familie og venner for ein solfylt dag med bading, soling og volleyball. Få fleire forslag til aktivitetar i sommar på Opplev Karmøy.
Astrid Havn Tranøy
Ferieaktiviteter FOR ALLE

I samarbeid med Kirkens bymisjon, Sør-Karmøy frivillighetssentral IOGT er det delt ut midler til frivillige organisasjonar som arrangerer fritidstilbud i ferien. Oversikt over tilbud i sommarferien kan du finne her:
Aktiv i Karmøy
På Aktiv i Karmøy har kommunen laga ei oversikt over frivillige organisasjonar i Karmøy, og det mangfald av aktivitetar som dei tilbyr. Føremålet med nettsida er å gjere utvalet av aktivitetar lettare tilgjengelige for innbyggarane, slik at ein på enkelt vis kan finne fritidstilbod å engasjere seg i. Samtidig som frivillige organisasjonar får vist seg fram og marknadsført seg. Finn din nye fritidsaktivitet hos Aktiv i Karmøy.
Skulpturvandring
Ta deg ein skulpturvandring i Skudeneshavn og sjå film om skulpturane på Torget. Sett deg ned med Sildakånå på kaien i Åkrehamn, og hils på Gustav i Kopervik. Løys oppgåver om kunsten utarbeida av kunstnaren Bernhard Østebø. Alt dette finn du meir informasjon om på våre sider om kunst i Karmøy.
Astrid Havn Tranøy
Museumssesongen er i gang, ta turen og lær om Karmøy sin mangfaldsrike historie. Kle deg ut som ein viking, jobb i Litla-Ortå og utforsk fiskerihistoria i Karmøy. Besøk den kvite empirebyen Skudeneshavn, og snop godteri i den gamle krambua i Mælandsgården.
Historisk vandring på Avaldsnes og Nordvegen historiesenter
Astrid Havn Tranøy
Bli med på ein guida tur gjennom Noreg sitt eldste kongesete, Avaldsnes. Lær om området sin rike historie og dei mange sagaene knytt til dei mektige vikingkongane som ein gong regjerte her. Besøk Historiske Avaldsnes, vikinggarden og Nordvegen Historiesenter og ver viking for ein dag.
- Nordvegen historiesenter har ope kvar dag frå 26. april til 17. september, mandag til fredag kl 10 - 16 og laurdag og søndag kl 11 - 16.
- Olavskirken er open frå 22. juni til 12. august mandag og onsdag kl 11 - 15.30.
- Vikinggarden på Bukkøy er sommaropen frå 15. juni til 13. august mandag til fredag kl 10 - 16.30 og laurdag og søndag kl 11 - 16.30. Det er guida tur med husfrua eller husbonden kvar dag.
- Bli med på omvisning i kongsgårdsruinen frå middelalderen kvar fredag frå 1. juli til 1. august. Omvisning på norsk kl 11.30 og engelsk kl 12.30.
- Teatralsk omvisning med ein pilgrim. Mandag 22. juni, mandag 30. juni og mandag 10. august kl 13 på norsk og kl 14 på engelsk.
Få meir informasjon om opningstider og billetter til aktivitetane.
Aktiviteter ved regionalt pilegrimssenter Avaldsnes sommaren 2026
Wenche Lindtner
I tillegg til Nordvegen Historiesenter, Olavskirken, kongsgårdruinene og Vikinggarden, kan du besøke Regionalt pilegrimssenter på Avaldsnes. Senteret held om sommaren til i eit 400 år gammalt stabbur ved kyrkja og historiesenteret og er ope kl 12 til 15.30 onsdag, torsdag og fredag.
Her blir du tatt imot av ein hyggelig pilegrimsvert som er klar til å hjelpe deg med informasjon og rettleiing. Du får kjøpt pilegrimspass og får stempel i passet ditt.
Er det stengt ved stabburet, finn du ein kasse med stempel ved døra. Du får og stempel og informasjon ved Nordvegen Historiesenter.
Med fiske i fokus
Åkrehamn kystmuseum viser gjennom gjenstander og fotografi Karmøy si fortid som fiskerisentrum. Museet fortel og om kontakten mellom Karmøy og Amerika. Nora sjøhuset er eitt av dei få sildesalteria som framleis er intakt. Besøk Åkrehamn kystmuseum og lær om livet langs kysten gjennom tidene.
Visnes Gruvemuseum
Astrid Havn Tranøy
Oppdag gruvene som ein gong var blant dei største koparverka i Noreg på Visnes Gruvemuseum. Ein spennande tur for heile familien med interaktive utstillingar og flotte uteområde. Besøk Visnes Gruvemuseum og det historiske området rundt og lær om gruvedrifta.
Skudeneshavn museum, Mælandsgården
Skudeneshavn er ein sjarmerande småby på sørspissen av Karmøy i Rogaland. Kjend for sin vel bevarte gamleby med smale gater og kvite trehus frå 1800-talet, tiltrekker staden seg besøkande som ynsker å oppleve nostalgi og sjøfartshistorie. Skudeneshavn Museum, Mælandsgården, gir innsikt i byen sin maritime historie og daglegliv i gamle dagar. Museet ligg i hjarta av den gamle bydelen og er innreia i ein typisk kjøpmannsbustad frå 1800-talet, og viser ei rik samling av gjenstandar og foto frå byen si fortid. Besøk Skudeneshavn museum, Mælandsgården og ta deg ein vandring i gamlebyen.
Ørjan B. Iversen
Meld deg på nyhetsbrev
Tidligere sendte nyhetsbrev