Kunst i Kopervik

Visste du at kunsten ved Stangaland skole er laga spesielt til Stangaland skole og planlagt parallellt med bygging av skulen? Eller at det finnes abstrakt kunst ved Kopervik videregåande skule? Her får du informasjon om litt av kunsten i Kopervik.

Overskriften på kunstverkene viser også til artikler med informasjon og videoer om verket.

Kunst Torvmosen ved Stangaland skole - Klikk for stort bilde Astrid Havn Tranøy

Torvmosen

Skulpturgruppa Torvmosen ved Stangaland skole forestiller den vesle torvmosen i ulike stadier. Rett ved skulen ligg det ei lita myr. Torvmosen er den vesle planta som lager all myr. Myr og våtmarker er viktige lokalt og globalt fordi dei skaper ein stad der mange andre planter og dyr kan leva, dei renser og demmer opp vatn og dei lagrar store mengder karbon. Derfor er det laga seks skulpturar til ære for torvmosen ved skulen. Kunstnar er Siv Bugge Vatne. 

Inngang - utgang kunstverk av Marit Benthe Norheim - Klikk for stort bilde

Inngang - utgang

Eit abstrakt kunstverk, kva er det? Kunstnaren Marit Benthe Norheim har brukt fantasien sin og sett saman ting på ein heilt ny måte, i skulpturen Inngang - utgang ved Kopervik videregåande skole. I kunsten er alt mogleg, ting som er umoglege i røynda går fint an i kunsten. Store ting kan bli små, og små ting kan bli store. Inngang - utgang er eitt av få abstrakte kunstverk i Karmøy. 

 

Havet og vinden

Skulpturen Havet og vinden er bestilt som utsmykking til det nye rådhuset, og vart sett opp i 1986. Dora Bendixen leverte fleire monumentale utsmykkingar til offentlege rom i Noreg og utlandet. Eit av hennar tidlegaste oppdrag var monumentet Havet og vinden. Ho vann dette oppdraget i ein utsmykkingskonkurranse. Havet og vinden er utført i carraramarmor og hogd av Serigo Benedetti.

 

Gustav

Gustav var gatefeiar i Kopervik, og ein avholdt mann som var pliktoppfyllande og ivrig i jobben sin. Han fekk sin eigen skulptur i 1990, laga av Svein Magnus Håvarstein. Skulpturen står i gågata i Kopervik, der han bruka å rydde i gatene.

 

Astrid Havn Tranøy

Arquebus

Arquebus vart brukt som kodenavn på norske radiosendarar under krigen. Arquebus er eit relieff laga av Svein Magnus Håvarstein, og står ved Rådhuset i Kopervik. 

 

Springande rådyr

Springende rådyr står (eller spring) på bakken mellom Kopervik dagsenter og Kopervik kirke. Skulpturen er laga i bronse av Arne Vigeland, som er kjent for sine mange dyreskulpturar som står rundt om i norske byar. 

 

Magnus Haaland

Skulpturen av Magnus Haaland er ei byste, laga av Arne Mæland og avduka i 2003. Dei fleste byster er av kjente personar, og Magnus Haaland er kjent for å vere den første norske kreftforskar. Bysta hans står på Magnus Haalands plass, som ligg foran huset der Magnus vaks opp i Kopervik. 

 

Astrid Havn Tranøy

Magnus Gjertsen

Magnus Gjertsen er Kopervik sin heimstadsmalar. Han vart utdanna i USA og Frankrike, men mesteparten av livet sitt budde han i Kopervik og malte lokale motiver. Bysten hans er laga av Lars Fletre, og står i Hovedgaten på Magnus Gjertsen plass. 

 

Kunstoversikt

Her kan du lese meir om kunst som står i offentlig rom i Karmøy.

Meld deg på nyhetsbrev

Les tidligere sendte nyhetsbrev