Aktiviteter for store og små i påska - Karmøy kommune - Innbygger

Aktiviteter for store og små i påska

Kva er det å finne på i påska? Karmøy har panoramautsikt, kvitt på kvitt i dei nydelegaste strendene og spennande historiske spor! Nordvegen historiesenter og Visnes gruvemuseum har ope, du kan ta deg ein tur i badstu, og hugs å sjekke ut påskefilmane på Karmøy kino!

På toppen av Sålefjell - Klikk for stort bilde Astrid Havn Tranøy

Ut på eventyr

Påskelam er eit sikkert vårtégn. Og så søte dei er! På Snurrevarden Gård er det mange dyr å kose med, og det blir egg-jakt, rebus, spikkestasjon og ridning. 

Elles kan det vere ein god idé å ta med påskeegg ut i naturen for ein kjekk aktivitet for store og små. Kanskje egg fylte med godsaker er premien etter vel overstått rebus? Eventyrjakt-rebusar legg til rette for aktiv historieformidling i Skudeneshavn, Åkrehamn, Kopervik og Visnes. I Visnes er museet ope søndag 5. april kl 11-15. Her kan du og leige petanque-bane i museet si opningstid. Rebusane finn du utvalde stader og digitalt her. Vikingjakt-rebus får du med museumsbilletten på Avaldsnes. Nordvegen Historiesenter er ope i påsken tirsdag 31. mars kl 10.00-15.00, onsdag 1. april kl 10.00-16.00 og søndag 5. april kl 11.00-16.00.

Skilt ved inngangen til Nordvegen historiesenter mot vikinggarden - Klikk for stort bilde Astrid Havn Tranøy astrid tranoy

På Karmøy finst det mange skjulte geocacher som kan oppdagast, åleine eller saman, heile året gjennom.
Konkurrer med deg sjølv eller med andre om å nå nye turmål og registrer deg på StikkUT, som erstatter Telltur i Karmøy. StikkUT-sidene og appen har mange gode turtips, og utvalgte løyper. Her kan du lese meir om StikkUT i Karmøy.

Astrid Havn Tranøy

Naturfenomenet Dueglåp er ein flott attraksjon. I området kan du utforske holar med tøffe steinformasjonar og jettegryter. Frå Langåker kan du gå ein fin merkt rundtur via Taravika.

Panoramatoppar

På toppen av Sålefjell - Klikk for stort bilde Astrid Havn Tranøy

Søre Sålefjell er Karmøya si høgaste topp. 132 moh er ikkje ein høgde å bli imponert over i eit fjellrikt land som Noreg, men herifrå har du likevel eit fantastisk utsyn over det meste av Haugalandet og sørover mot Kvitsøy, Stavanger og Nord-Jæren. Dei høgaste toppane i kommunen finn du på fastlandet, Tronefjell (151 moh) og Spannavarden (146 moh) er to av dei.

Informasjon og kart over turar finn du på Ut.no

Nyt ein appelsin i solveggen på fjell-hyttene Kinnebu og Røyningsbu. Frå Syreneset Fort har du panoramautsikt frå Haugesund til Stavanger. 

Med appen Tilbakeblikk kan du vere med på ein digital tidsreise her – og rundt Karmøy!

Bruk av appen Tilbakeblikk - Klikk for stort bilde

Silkeføre og påskebad

Badeolena - Klikk for stort bilde Camilla Vandvik

«Silkeføre» kan opplevast på dei flotte sandstrendene. Flotte kyststiar går mellom Åkra-Ferkingstad og Sandve Havn-Sandvesanden,- perfekte turmål for vandring og strandaktivitetar; ein blir vel aldri for gamal for å konkurrere i strandvolley eller slottsbygging? Kanskje er dagen den rette for årets aller første bad i friske Nordsjøen.

Et påskebad frå Bade-Olena med oppvarming i saunaen er perfekt etter ein rusletur i idylliske Gamle Skudeneshavn. Påskekaffen kan inntakast i byens sjarmerande kafear.

Innekos i påsken

Min første filmfestival og Kinodrøsen 2024 - Klikk for stort bilde Astrid Havn Tranøy

Og sjølv om det så klart ikkje finst dårleg ver (berre dårlege klede…) så er det også mykje moro innandørs. Karmøy folkebibliotek inviterer til påskegul stemning med aktiviteter på hovedbiblioteket og dei andre filialane. Anna Eegs har ope ungdomsklubb på Kopervik kulturhus tirsdag 31. mars kl 17-22.

Du kan og hoppe som påskeharen på Rush trampolinepark eller nyte påskesnop på Karmøy kino

Ta ein SkulpTur - vandring i påska

Skulpturen Sildakånå på kaien Åkrehamn - Klikk for stort bilde Astrid Havn Tranøy

SkulpTur-vandring i Kopervik, Åkrehamn og Skudeneshavn. Opplev skulpturane i Karmøy både fysisk og digitalt! Planlegger du bypåske og vil lære meir om skulpturane me har i Karmøy? Her kan du lese meir om fleire av skulpturane som står rundt om i byane våre. Du kan sjå korte videoar om skulpturane der kunstnar og kunstformidlar Bernhard Østebø fortel om Karmøy-skulpturane, og finne fram til skulpturane ved hjelp av kunstoversikten og kart.

 

Meld deg på nyhetsbrev

Tidligere sendte nyhetsbrev