Astrid Havn Tranøy
Krigsminnesmerket ved Kopervik kirke er reist som minne over falne fiskarar og sjøfolk frå Kopervik og Stangaland som omkom under 2. verdskrig.
Kunstnar Nils Bruland (f. 1922) er frå Gular i Sogn. Han har og utført krigsminnesmerke ved Torvastad og Avaldsnes kirke. Mor og far til Nils budde og arbeidde i Kopervik i lengre tid, og mora hans er gravlagt her.
Minnesmerket er laga i eit realistisk formspråk. I seinare arbeid har kunstnaren bevegd seg over i det abstrakte. Han arbeider i stein, metall og tre, ofte i kombinasjon. Bruland var elev av treskjæraren Johannes Fossheim og gjekk ved Konstfackskolan i Stockholm der han underviste i mange år, før han flytta heim til Sogn.
På oppdrag for Karmøy kommune har Absurd film og kunstnar Bernhard Østebø laga formidlingsvideo om skulpturen ved Kopervik kirke. Videoen er del av ein serie korte videoar om SkulpTurar i Karmøy som du kan finne her.