Veteranplan, 2024 - 2027

5 Vedlegg 3: Forsvaret sitt tilbod

Forsvaret har ei rekke tilbod til veteranar og deira familiar både før, under og etter teneste i internasjonale operasjonar. Forsvaret har eit oppfølgingsansvar i eitt år etter heimkomst. Nokon tilbod og kontaktpunkt kan nyttast livet ut.

Før, under og etter operasjonen

Før utreise arrangerer Forsvaret fellessamling for soldatane og deira familiar. Her får familien informasjon om operasjonen og tryggleikssituasjonen. Dei får også tips og råd om korleis dei best kan ta vare på born og forhold. Familien får også treffe andre pårørande.

Under utanlandstenesta har Forsvaret ein 24-timers kontakttelefon for pårørande. Via denne telefonen kan viktige meldingar formidlast til de som er ute. Forsvaret arrangerer og familiesamlingar undervegs der det er hensiktsmessig, og vidareformidlar der informasjon til dei pårørande frå operasjonsområdet.

På veg heim frå operasjonen har dei som er i teneste som regel eit opphald på to til tre dagar, ei såkalla «mellomlanding». Under mellomlandinga vert det gjennomført «debrief», samtale med psykolog samt erfaringsinnhenting. Ved heimkomst til Noreg vert det gjennomført ein medaljeseremoni for å heidre soldatane. Pårørande blir invitert til seremonien. I eitt år etter heimkomst har Forsvaret eit oppfølgingsansvar.

Etter tre til seks månedar får alle ei spørjeundersøking frå Forsvaret. Her stilles det ein del spørsmål om korleis den første tida etter heimkomst har vore. Etter eitt år arrangerar Forsvaret ei samling der personell møtes igjen for å dele erfaringar om korleis det var å komme heim. Her deltar og psykolog.

Forsvarets oppfølgingsplikt blir avslutta etter eitt år frå heimkomst (for ikkje stadig tenestegjerande personell). Alle kan likevel kontakte Forsvaret med spørsmål om rettigheiter, hjelp og tilbod.

Forsvarets Veteransenter – Bæreia

Forsvarets Veteransenter ligger på Bæreia utanfor Kongsvinger og er eit rekreasjons- og aktivitetstilbod som kan nyttast av alle veteranar og deira familiar. Forsvarets veteransenter tilbyr gratis opphald for veteranar og familiar. Senteret kan og nyttast under permisjon frå utanlandsteneste. Det vert og arrangert gjensynstreff for avdelinga ved senteret. 

Forsvarets Veteransenter har og den døgnbemanna tenesta «Åpen dør».

Forsvaret Veterantjeneste

Forsvarets Veterantjeneste er eit tilbod til alle veteranar og deira familiar. Her kan ein få svar på spørsmål om dekorasjonar, dokumentasjon eller informasjon om internasjonale operasjonar. Ein kan og få informasjon om Forsvaret og samfunnets ulike tilbod til veteranar, uavhengig av når og kvar tenesta var.

Forsvarets Veterantjeneste består av eit tverrfagleg team med både militært og sivilt tilsette. Teamet har lang erfaring med å gje råd og vegleiing til veteranar og deira familiar. Dei fleste i dette teamet er og sjølv veteranar. Forsvarets Veterantjeneste vert leia av Veteraninspektøren.