Markering av Frigjerings- og veterandagen 8. mai og FN dagen
24. oktober
|
Lokale markeringar er av betydning for å famne flest mogeleg og bidrar til å synleggjere at veteranar og er ein del
av lokalsamfunnet. Det er ønskeleg at det blir årleg felles markering i kommunane saman med veteranforeininga i
distriktet.
|
Bruk av veteranar frå internasjonale operasjonar sin
kompetanse i nærmiljøet
|
Veteranar frå internasjonale operasjonar er ein ressurs som kan anerkjennast ved at kommunane nyttar kompetansen i nærmiljøet. For eksempel i samband med FN-dagen 24.oktober, eller der det passer med opplæringsplanar, bør skulene vurdere å nytte lokale veteranar i opplæringa. Dette vil synleggjere veteranane sitt bidrag i internasjonale operasjonar. Veteranforeiningane har utarbeidd lister med ressurspersonar.
|
Kommunal veterankontakt
|
Forsvaret oppfordrar kommunane til å utpeike ein veterankontakt. Denne vil være et viktig kontaktpunkt for veteranar, deira familie, samt andre aktørar innanfor veteranområdet
Kommunane som er omfatta av denne planen har ein felles Veterankontakt som har ansvar for å sikre årlege møtepunkt mellom kommunane og veteranane i regionen gjennom Norges Veteranforbund for Internasjonale Operasjoner (NVIO), avdeling Haugalandet.
|
Kommunehelseteneste
|
Kommunen sine helsestasjonar skal være merksame på eventuelle behov for ekstra støtte og vegleiing til familiar der eitt eller fleire familiemedlemmer er eller har vore i internasjonale operasjonar.
|
Informasjonsmateriell
|
Det vert utarbeidd ei kort informasjonsside på kommunane si heimeside der det vert vist til tiltaka i Veteranplanen.
|
Veteranhus
|
Veteranforeininga på Haugalandet, som har medlemmar frå kommunane som er omfatta av denne planen, disponerar eit hus i Austbøvegen i Karmsund, Karmøy Kommune. Huset vert nytta til ulike medlemsaktivitetar for veteranar og nærståande av veteranar, og er organisatorisk uavhengig av NVIO Haugalandet. Kommunane anerkjenner veteranforeininga sin bruk av dette huset.
|
Skule og Barnehage
|
Kommunane skal sikre opplæring til tilsette i skular og barnehagar om borns mogelege reaksjonar på foreldre si tenestegjering i internasjonale operasjonar. Skulane bør vurdere å nytte lokale veteranar i undervisning, for eksempel i samband med FN-dagen, eller der det vil passe med undervisningsplanar.
|
Kompetanseheving og informasjon til fagpersonar i kommunane
|
Kommunane kan ved behov, og i samarbeid med lokale og regionale ressursar, legge til rette for fagdagar om relevante tema for veteranar.
|
Evaluering
|
Ei første evaluering av den interkommunale veteranplanen skal utførast innan utløpet av 2026, og seinare minst ein gong i kvar kommunestyreperiode.
|