Visnes gruveområde blir løfta fram av Riksantikvaren

Riksantikvaren utvider den nasjonale oversikta over kulturmiljø i Rogaland. 18 nye kulturmiljø er inkludert i oversikta. Visnes er av nasjonal og internasjonal interesse jamfør grunngjevinga.

Riksantikvaren har i samarbeid med Rogaland fylkeskommune identifisert og kartlagt 18 kulturmiljø av nasjonal interesse i Rogaland. Kartlegginga bygger på eksisterande register, og utvider med nye typer miljø og landskap. Føremålet er å bidra til bærekraftig forvaltning av Rogaland sin kulturarv. Kulturmiljøet dokumenterer spor etter nasjonale verksemder og historiske hendingar med fokus på autentisitet og kontinuitet.

Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse er område som har særskilt stor betydning for Noreg si historie, identitet og kulturarv. Dei blir kjenneteikna av tydelege spor etter menneskeleg aktivitet, tidsdybde og samanhengar i landskapet. Riksantikvaren peikar ut desse områda for å sikre at viktige kulturhistoriske verdiar blir tatt omsyn til i samfunns- og arealutviklinga. Kulturmiljø av nasjonal interesse er ikkje eit juridisk vern, men områda skal vektleggast i planprosessar og sakshandsaming.
Områda er peika ut etter nasjonale kriterier som mellom anna heilskap, tidsperiode, historisk tyding og særpreg i landskapet. Avgrensningane bygger på eksisterande dokumentasjon og faglege vurderingar frå Riksantikvaren.

Kvifor er Visnes gruveområde av nasjonal interesse?

Visnes er eit heilskapleg gruvesamfunn som bærer vitnesbyrd om meir enn 100 år med omfattande gruvedrift i stor skala på 1800- og 1900-tallet. Gruveområdet har difor høg historisk verdi og høg bruksverdi som kunnskap- og formidlingsarena. Visnes var eit pionersamfunn innan teknisk nyvinning og utgjorde ei avgjerande del av norsk industrihistorie. I 1875 var Visnes først i Noreg med å ta i bruk trykkluftboremaskinar, noko som var over tjue år før tilfellet i Røros. Historiske kjelder viser til at «Gamle gruva» på Visnes leverte ein tredjedel av kobbaren Røros leverte gjennom 300 år. Visnes Kobberverk var ein sentral aktør i norsk kis- og kobbarutvinning, og var det største kobbarverket i landet på høgdepunktet av produksjonen, med stor eksportverksemd. Gruvedrifta på Visnes spelte ei viktig rolle i norsk industrihistorie og hadde stor økonomisk tyding. Frå eit kulturvernperspektiv kan gruveanlegget sjåast på som av internasjonal interesse, som del av det store internasjonale industrinettverket på 1800-tallet, med eigarar både i Belgia og Frankrike. 

Sårbart

I dag står området ovanfor ulike utfordringar, og Stiftelsen Vigsnes Grubemuseum har utarbeida ein strategiplan som fokuserer på oppgradering av uteområde, formidling både inne og ute, restaurering av bygningar og anlegg. Karmøy kommune har gjort ein omfattande kartlegging av dei kulturhistoriske verdiane i området tilbake i 2016. Det finnes behov for oppgradering og tilrettelegging av uteområde, formidling både inne og ute og restaurering av bygningar og deler av anlegget. Dagens reguleringsplan ivaretar deler av det samla gruvesamfunnet. Gjenverande bygg rundt gruveområdet, særskilt bustadane, som ikkje er regulert til bevaring, har verdi som ein viktig del av verksemda og gruvesamfunnet. Karmøy kommune planlegger å utarbeide ein ny reguleringsplan som ivaretar ein større del av gruvesamfunnet. Spor etter driftsperioden i Rødkleiv har tidegare ikkje vore omfatta av vern, men nylig vedtatt reguleringsplan har sikra dei gjenværande kulturhistoriske verdiane gjennom hensynssone (kjelde: Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse i Rogaland 2025: Rogaland fylkeskommune på oppdrag frå Riksantikvaren).