Vett du om løgne amerika-ord?

I forbindelse med utvandringsjubileet i Karmøy er me på jakt etter amerika-inspirerte ord, uttrykk og navn frå vest-Karmøy. Har du plenty? Send oss gjerne!

Amerika på Karmøy

Dialektord frå Karmøy - Klikk for stort bilde Fotomontasje: Appex

Har mor di strikka jomper til deg til påske? La du an i tronkjen ilag med svittsen? Gjekk alt te pises? Har du fleire amerika-inspirerte ord og uttrykk på lager? I forbindelse med utvandringsjubileet i Karmøy inviterer me publikum til å sende inn sine ord og uttrykk.

Ord, uttrykk og navn som kjem inn, vil bli presentert digitalt på kommunen sine flater, og samla og vist fram i jubileumsutstillinga på Åkrehamn kystmuseum 12.-13. september.

Vil du bidra med amerika-inspirerte ord, uttrykk og navn frå vest- Karmøy? 

Bidra med ord og uttrykk her

Vil du vere med på dialektkveld? 25. april er du invitert til ein gøyal kveld på Karmøy kulturhus, med fokus på amerikansk påverknad av språk og kultur på vest-Karmøy. Journalist Knut Netland er konferansier, han lovar dialektquiz, og publikum får mulighet til å dele eigne amerikanske ord og uttrykk. Netland intervjuar fleire lokale kjentfolk som sjølv har erfaringar med korleis samfunnet har tatt opp i seg element av amerikansk kultur og språkleg påverknad i ord og uttrykk, samt utbreiinga av amerikanske namn. Du møter blant anna Lasse Pedersen, Tor Tollessen, Gunnar Hasler Tjøsvoll, Marit Synnøve Vea og Håkon Liknes på scena. Dette arrangementet er i samarbeid med Karmøy dialekt- og mållag.

Kjøp billetter

Utvandringsjubileet i Karmøy blir arrangert i samarbeid med Åkrehamn kystmuseum. Sjå alt som er planlagt i jubileumsåret på Karmøy.

 

Meld deg på nyhetsbrev

Tidligere sendte nyhetsbrev