Astrid Havn Tranøy
Kva må du ha på plass før du søker?
-Det vart vedtatt nye retningslinjer for kulturmidler i 2024, fortel kultursjefen, der det blir krevd at alle som søker har organisasjonsnummer, og er registrert i kommunen sitt frivillighetsregister Aktiv i Karmøy, og i det nasjonale frivillighetsregisteret. Dei aller fleste organisasjonar har dette på plass, ellers er det tid for å ordne dette no, seier han. Kultursjefen gjer merksam på at budsjettet er noko nedjustert frå i fjor, jamfør budsjettvedtak i kommunestyret.
Kva tilskuddsmidler kan du søke innan kultur?
Det er fleire tilskuddsordningar innan kulturfeltet som ein kan søke på. Du kan søke driftstilskudd til lag og organisasjonar, tilskudd til reparasjon og vedlikehald av foreningsbygg og tilskudd til leikeplassar og friluftsanlegg. Skal du arrangere festival dette året kan du søke om festivaltilskudd. Les om alle søknadsordningane Karmøy kommune har innan kultur.
Søknad om faste treningstider
Kultursjefen informerer og om at dersom ditt lag eller organisasjon har behov for treningstider i kommunale idrettshaller og svømmehallar skuleåret 2025-26, skal du søke no.
Korleis søker ein om tilskuddsmidler?
Dei fleste søknadsskjema er elektroniske, og du finn dei på nettsida til Karmøy kommune. Eit godt tips frå Hveding er å søke på ordet skjema i søkefunksjonen når du er på nettsida. Du finn og direktelink under kvar enkelt søknadsordning i oversikta.
Korleis veit ein om ein har rett på tilskudd?
Det er lurt å lese retningslinjer for kommunale tilskuddsordningar innan kultur før du søker, slik at du veit kva søknadskriterier som gjeld. I november 2024 vedtok hovedutval oppvekst og kultur nye retningslinjer. Les retningslinjene for tilskudd innan kultur.
Kva er søknadsfristen?
Søknadsfrist for å søke kulturmidler og treningstider er 1. mars.
Søk tilskuddsmidler innan kultur
Søk treningstider i idrettshaller og svømmebasseng