Ungdom i historiske fotspor i frigjeringsjubileumsåret

8. mai 1945 er det 80 år sidan Noreg vart frigjort frå okkupasjon. Den kulturelle skulesekken i Karmøy inviterer denne våren samtlige 9. klassingar til teatervandring på historisk grunn. Som vanleg blir frigjerings- og veterandagen markert 8. mai i Karmøy og elles på Haugalandet.

Elever på teatervandring på Syreneset fort - Klikk for stort bilde Astrid Havn Tranøy

Levande historie med rom for refleksjon

Det er rett etter slutten av krigen, og dei to unge jentene som møter 9. trinnselevane er Haldis og Kristine frå Syre. I eit vandreteater får ungdommane ta følge når jentene er på leit etter ein ung tysk soldat som dei har blitt kjent med under krigen. Undervegs må dei passe seg, for dei veit ikkje om okkupasjonsmakta har forlatt postane sine heilt enno, i dei tidlege fredsdagane i mai 1945.

Ungdommer på Syneset fort - Klikk for stort bilde Astrid Havn Tranøy

I jakten på Herman oppsøker ungdommane og deira lokale guidar bunkersanlegget som utgjer Syreneset fort, og det dukkar etter kvart opp spor. Vandreteateret inviterer oss til å reflektere over korleis krig påverkar oss alle, korleis eit heilt folk plutselig er fiender, og kva val enkeltindividet blir stilt ovanfor. Er verda svart og kvit, eller finnes det nyansar? Elevane får innblikk i kvardagslivet for menneska her i Karmøy. Kva gjorde dei norske lærarane når dei fekk eit ultimatum frå dei tyske okkupantane? Kor gjekk ein på handel under krigen?

Spenninga ligg heile tida i om flokken blir oppdaga, og om dei finn Herman. Er han trygg, og kva skjedde med han og andre menige tyskarar som opphaldt seg her lokalt? Er det mulig å vere venner med fienden, og har fienden menneskelege sider?

Tilbudet er i regi av Den kulturelle skulesekken i Karmøy. Manus til vandreteateret på Syreneset fort er ved Nina Sele og Dagmar Lunde, som og spelar hovedrollene. Ein heil haug med kjekke og reflekterte ungdommar har og skal delta i biroller. 

Formidlar Nina Sele fortel inni ein av bygningane ved fortet - Klikk for stort bilde Astrid Havn Tranøy

 

Meld deg på nyhetsbrev

Tidligere sendte nyhetsbrev