Talkshow med Knut

Sett av laurdag 22. november til eit heilt nytt konsept på Karmøy kulturhus - talkshow med Knut. 

Talk-show vert Knut Netland

Denne kvelden tar Knut for seg dei tidlege åra til 3 Busserulls, med hovudgjest Lasse Pedersen og dei musikalske gjestene Synnøve Aanensen, Mari Liknes og Svein Sjøen.

I 2025 er det 50 år sidan Lasse Pedersen starta 3 Busserulls saman med Karl Magnus Sjøen og Oddvar Andreassen. Knut leier oss gjennom oppstarten og dei første åra til bandet i samtale med Lasse Pedersen og fleire gjester på scena. Det blir både mimring og historiar frå kulissane, og me får høyre nye versjonar av kjende Busserulls-låtar framført av Synnøve Aanensen, Mari Liknes og Svein Sjøen.

Velkommen til talkshow på Karmøy kulturhus!

Kjøp billett

  • Lasse Pedersen
  • Musikalsk gjest Synnøve Aanensen