Stor interesse for amerikaord og -uttrykk

I forbindelse med utvandringsjubileet arrangerte Karmøy kulturhus panelsamtale om amerikansk påverknad på Karmøy-samfunnet. Ein full sal av publikum delte sine eigne amerikanske ord og uttrykk og det var stor interesse for temaet. Her kan du lese meir om ord og uttrykk som kom inn.

Bilde av publikum på Amerika på Karmøy arrangement i Karmøy kulturhus 25. april 2025 - Klikk for stort bilde Astrid Havn Tranøy

Amerikaord og -uttrykk i Karmøy-samfunnet

I arrangementet Amerika på Karmøy var det spesielt fokus på amerikaord og -uttrykk som har satt sine spor i daglegtalen i Karmøy. Det var henta inn eit panel med deltakarar som meinte å vete noko om emnet, og programleiar Knut Netland sørga for å få hjelp av publikum både til innsamling av ord og uttrykk, og tolkning av desse. Heile funnet må du vente til jubileumshelga i september med å få presentert, men her får du nokre smakebitar, nedteikna av Håkon Liknes:

  • Eksempel dialekt:

    1. eg betta på atte
    2. berra bitte litt
    3. eg dånnta’kje 
    4. ann e ein hassegai
    5. eg jommpte
    6. di står berra der å kjata
    7. ann moa’kje
    8. steppen
    9. det gjekk te pises 
    10. ann snåffla i tråsskådel
  • Bokmål ”oversettelse”:

    1. jeg vedder / satser på at
    2. bare lite  grann
    3. jeg vet ikke
    4. han er en villstyring
    5. jeg hoppet/spratt opp
    6. de står bare der og prater 
    7. den rørte seg ikke 
    8. reservehjulet
    9. det gikk galt / ble ødelagt  
    10. han snublet i dørterskelen 
  • Engelsk:

    1. bet
    2. a little bit
    3. don’t know
    4. hazy guy
    5. jumped
    6. chat
    7. move
    8. step
    9. to pieces 
    10. threshold

Amerika-inspirerte namn

Paneldeltakarar på Amerika på Karmøy arrangement 25. april 2025 - Klikk for stort bildeI panelet i sofaen frå venstre: Jane Helen Sjøen, Else Dordy Nes Halvorsen og Aud Shirley Falnes Tangen Astrid Havn Tranøy

I panelet sat fleire som var så heldige å ha amerika-inspirerte namn. Jane Helen til høgre for programleiar Knut Netland, fortalte salen om då ho fekk namnet sitt. Foreldrene visste at ho skulle heite noko på J og noko på H etter besteforeldre, og faren fekk spørsmål om han hadde forslag. Han gjekk inn på badet, der det tilfeldigvis stod ein shampo frå Jane Hellen, og kom ut derifrå og proklamerte at ho skulle heite Jane Helen. Ferdig diskutert. Då ho vart ungdom byrja shampoar og hårsprayar frå Jane Hellen å trende i Noreg, og Jane Helen endte då opp med eit namn som veldig mange nordmenn har eit forhold til.

Amerika på Karmøy vart arrangert i samarbeid med Karmøy dialekt- og mållag. I panelet sat Lasse Pedersen, Håkon Liknes, Marit Synnøve Vea, Gunnar Hasler Tjøsvoll, Berit Sandve, Kjell Flotve, Karl Sjøen, Aud Shirley Falnes Tangen, Jane Helen Sjøen, Else Dordy Nes Halvorsen, Tor Tollessen, Sig Hansen og Therese Kolstø.

Vil du bidra med dine amerika-inspirerte ord og uttrykk eller di historie?

Under hovedmarkeringa av utvandringsjubileet i Karmøy helga 12. og 13. september blir det utstilling med amerika-inspirerte ord og uttrykk som har blitt samla inn. Du kan bidra med å sende inn dine ord eller uttrykk, eller kanskje du og har amerika-inspirert namn med ei spesiell historie bak? Bruk QR-koden nederst eller trykk på knappen:

Send inn ord og uttrykk

 

Meld deg på nyhetsbrev

Tidligere sendte nyhetsbrev