Siste kultursalong i vår med forfattaren Aina Basso og kammerkoret Cantus Vitale - Karmøy kommune - Innbygger

Siste kultursalong i vår med forfattaren Aina Basso og kammerkoret Cantus Vitale

Torsdag 23. april kl. 19.00 inviterer Karmøy kulturhus til siste kultursalong denne våren, og vi avslutter salongen med kammerkorsang og litterær samtale om historiske romaner med unge kvinner som hovudpersonar.

Aina Basso - Klikk for stort bildeAina Basso Oda Berby

Aina Basso er fødd på Giske i Møre og Romsdal, med kvensk bakgrunn på farssida. Ho er ein norsk historikar og forfattar, og bøkene hennar er skrive med bakgrunn i kjelder frå faktiske forhold, der ho dreg nytte av utdanninga si som historikar og arbeid med arkiv og historiske kjelder. Journalist Jan H. Landro leier samtalen med Basso.

Den siste boka, Før det blir morgon, kom ut i 2025 og handlar om å vere ung jente i Noreg på 1700-talet. Boka vart nominert til Uprisen for beste ungdomsbok. 

Cantus Vitale er eit lite kammerkor med base i Haugesund, som vart stifta i 2009 av Inge Lemvik. Han var dirigent for fleire store kor på Haugalandet på den tida, og valte ut sangarar frå dei ulike kora sine som danna Cantus Vitale. Koret sitt namn er latinsk for ‘levande sang'.  Sidan 2019 har Torbjørn Hausken hatt dirigentvervet. Koret er innom dei fleste sjangrar i repertoaret sitt, og vi ser fram til å få høyre eit utval denne kvelden.

Kjøp billett

Kultursalong blir gjennomført i samarbeid med Karmøy folkebibliotek og Karmøy Dialekt- og Mållag, med tilskot frå Norsk Kulturråd.