Rekordtildeling til Karmøy sine idrettsanlegg

22. mai vart fordeling av spelemidler til idrettsanlegg og nærmiljøanlegg vedtatt i Kultur og næringsutvalet i fylket. Eit tilskott på heile 15 millionar i tippemidler, fordelt på 18 anlegg, endte i Karmøy.

Vormedal idrettshall - Klikk for stort bildeVormedal idrettshall Astrid Havn Tranøy

Det vart ein god dag for idretten i Karmøy og for Karmøy kommune då Kultur og næringsutvalet i Rogaland fylkeskommune delte ut spelemidler til anlegg for idrett og fysisk aktivitet for 2025. Idrettsrådgjevar Øyvind Flatebø fortel glad at Karmøy fekk eit rekordtilskott på 15 millionar. Flatebø sit med det kommunale ansvaret for spelemiddelsøknadar, og hjelper idretten i Karmøy med å få godkjent søknadar om tilskott til sine prosjekt. Han forklarer at av søknader for ordinære idrettsanlegg i Karmøy fekk ein i år dekka inn 65% av midlene som var søkt om, mot 36% i fjor. Nærmiljøanlegg i Karmøy fekk ein dekning på heile 93%, mot 34% året før. Atten idrettsanlegg i Karmøy fekk tilskott, kontra åtte i 2024. Det største tilskottet tilfalt Vormedal idrettshall, som stod ny i 2022. 

Større overskott og mindre søknader

Grunnen til at Karmøyidretten fekk så god utteljing på sine søknader i år er samansett, fortel idrettsrådgjevaren. Overskottet til Norsk tipping har auka. Totalt vart 239 millionar av overskotet til Norsk tipping satt av til idrett og nærmiljøanlegg i Rogaland fylke, dette er 35 millionar meir enn fjoråret.  Ei anna årsak til det gode resultatet for Karmøy er at mengda søknadar om tilskott til bygging av idrettsanlegg og nærmiljøanlegg synker. Dette er ein tendens både nasjonalt, i Rogaland og i vår kommune. Ein årsak til dette kan vere dårlegare økonomi i kommunane og høge renter.

Øyvind Flatebø - Klikk for stort bildeIdrettsrådgjevar Øyvind Flatebø Astrid Havn Tranøy

Kan bli historisk låg ventetid for tilskott

I mange år har lag og foreningar innan idretten som ynskjer å bygge anlegg stått ovanfor årelange ventelister for å få tilskott, og måtte betjene store lån medan dei ventar. Så seint som i år fekk dei som hadde venta lengst i Karmøy, innvilga tilskott etter å ha søkt i heile seks år. Dersom utviklinga held fram slik tendensen viser kan ein komme ned til ei så kort ventetid som to år, noko som er historisk lågt. Det er veldig positivt seier idrettsrådgjevar Flatebø, då dei fleste idrettsanlegg i praksis no må lånefinansierast og byggast mange år før anlegget får tildelt spelemidler. Sandvolleyballbanen ved Åkra ungdomsskule er det for første gang søkt om spelemidlar til i 2025, her vart det ikkje tildeling dette året.

Sandvolleyballbane Åkra ungdomsskule - Klikk for stort bildeSandvolleyballbane Åkra ungdomsskule. Astrid Havn Tranøy

Heile tilskottslista vedtatt av Kultur og næringsutvalet i Rogaland kan du lese her

Meld deg på nyhetsbrev

Tidligere sendte nyhetsbrev