Britt-Synnøve Johansen frå Norheim og Halvor Lillesund frå Torvastad på sykehjemsturné med franske toner.
Torgeir Henden
Britt-Synnøve elskar franske chansons. Ho elskar Edith Piaf, Yves Montand, Charles Trenet, Barbara, Charles Aznavour og alle dei andre franske songlegendane. Det er noko med måten dei syng på, og det er noko med desse songane som berre ikke blir laga lengre.
Britt-Synnøve Johansen er kjent for sine tolkningar og oversetjingar av Edith Piaf sine songar («Mot himmlen i Paris» 2002). I konsertturneen hentar ho, saman med Halvor Lillesund på trekkspel, ei mengd franske melodiar som garantert vekker gode minner hos mange.
Inkludert i turneen er Kopervik sanitetsforening og Norheim pensjonistforening, siste er mor til Britt-Synnøve for øvrig leiar.
Britt-Synnøve Johansen synger med herlig innlevelse.
Torgeir Henden
Britt-Synnøve meiner bestemt at vegen frå Frankrike til Noreg er kortare enn det kartet hevdar. Det tenker ho saman med Halvor å overbevise publikum om, i ein konsert som treff i hjarta og mage. På norsk, sjølvsagt. Me vonar songskattane og den vakre stemma til Britt-Synnøve har varma godt, og sett farge på hausten.
Trekkspel: Halvor Lillesund
Norske tekstar: Britt-Synnøve Johansen