Opning av keramikarutstilling i Galleriet på Kopervik kulturhus

Laurdag 1. november klokka 13:00 opnar haustutstillinga til Karmøy kunstforening i Kopervik kulturhus, Denne gong presenterer kunstforeninga dei etablerte keramikarane Grete Anna Vangen og Dag Bratbergsengen.

Kunst av Dag Bratbergsengen og Grete Anna Vangen - Klikk for stort bildeKunst av Dag Bratbergsengen og Grete Anna Vangen

Grete Anna Vangen og Dag Bratbergsengen er begge keramikarar og medlemmer av Norske kunsthåndtverkere. Dag har ei heimeside der du kan lese meir om kunsten hans.

Utstillinga står til og med 9. november, og det anbefalast å ta turen dei neste to helgene for å møte desse lekne figurane og deira kameratar.

Edvard Hoem, som er fetteren til Bratbergsengen, sa om figurane hans i opninga av ein annan utstilling av kunstnaren: 

Eg trur ikkje eg går for langt om eg seier at dei djupast sett, deler nokre menneskelege eksistensielle eigenskapar, dei er ein tanke resignerte, men dei kan ikkje halde opp med å håpe at noko kan bli annleis, og dei kan ikkje la vera å lengte etter noko som ikkje er. Dei er meditative og ettertenksame, men i motsetning til altfor mykje som blir skapt no, både i leire og i ord, er dei ekspressive, kommunikative, dei vil ha oss i tale, og dei vil at vi skal tala til dei. For om vi gjer det, vil vi kanskje seia ting vi elles ikkje ville at sagt og tenke samanhengar vi hittil ikkje har tenkt. 

Kunstnarane sine arbeider vil bli vist på kulturhuset i Kopervik:

laurdag 1. og søndag 2. november kl. 13.00 - 16.00

laurdag 8. og søndag 9. november kl. 13.00 - 16.00 

Vel møtt til ei oppleving av spennende keramikk!