
Fredag vart det høgtideleg markert at eit nytt grindbygg står klart på Bukkøy, til glede for store og små besøkande. Grindbygget står i Grautaskjærsvika på Bukkøy, Avaldsnes, og er oppført av Regionalt pilegrimssenter Avaldsnes, i samarbeid med Karmøy kommune, Hauge videregående skole, Vigor Bygg, Vassbakk & Stol, Rogaland fylkeskommune, Karmsund havn og Miljødirektoratet.
Det nye grindbygget skal bidra til å gjere Bukkøy til eit attraktivt turmål, og tilby ein pauseplass for besøkande. Bygget vart opna med eit realt øksehogg av ordførar Leiv Arne Marhaug, som vonar det blir hyppig brukt av turgåarar og andre besøkande.
Meld deg på nyhetsbrev
Tidligere sendte nyhetsbrev