Kulturprisen for 2024 blir endeleg overrekt SILK - på litt utradisjonelt vis
På ordføraren si nyttårsmottaking i januar vart Skudeneshavn internasjonale litteratur og kulturfestival (SILK) tildelt kulturprisen for 2024. Tradisjonelt sett har prisen vore eit kunstverk og eit diplom, men sidan festivalen ikkje har eige lokale, vart det denne gong avtalt ein ny vri. Denne ´vrien´ kan du oppleve på opningskvelden til SILK.
Forfattar Niels Fredrik Dahl
        Fartein Rudjord
    Kulturprisen til Karmøy kommune er, etter avtale med SILK, brukt til at festivalen kunne sikre seg markante forfattarar til å bli med på årets opningsarrangement. SILK blir opna av Odd Karsten Tveit, og du får i tillegg møte forfattarane Niels Fredrik Dahl, Linn Ullmann og Anne Gro Halvorsen i samtale med Jan H Landro. 
Er du så heldig å få med deg opninga kan du og helse på O. Martin med Odd Martin Skålnes, og Sildaprinsens orkester, som sprang ut frå musikklinja på Skeisvang vgs. Opninga av SILK litteraturfestival skjer onsdag 29. oktober kl 19:00, og festivalen varer til og med laurdag 1. november. Program for SILK litteraturfestival.
Andreas Kallestein tek imot kulturprisen på vegne av SILK
    
      
        Publisert 24.10.2025 15:07
        
          Sist endret 24.10.2025 15:16