
Sunde vil i foredraget gi oss eit innblikk i Noreg sitt tidlege lovverk i høve jubilea, der han mellom anna set fokus på samanhengen mellom landsloven og kristenretten. Begge lovverk introduserte radikale endringar i samfunnsutviklinga, med verdiar og prinsipper som me og kan kjenne igjen i dagens gjeldande grunnlov. Dagleg leiar av Moster2024, no kulturhusleiar ved Karmøy kulturhus, Elsa Aanensen, vil delta i paneldebatten etterpå.
Jørn Øyrehagen Sunde er professor i rettshistorie ved Institutt for offentlig rett i Oslo. Sunde har sidan 2014 leia eit prosjekt om Landsloven av 1274, og har gitt ut fleire bøker om Noreg si lovutvikling. Han har og arbeida med Høgsterett si historie og domstolar og rettsstater i Europa i det 21. århundre.
Elsa Aanensen har vore dagleg leiar i jubileumsselskapet Moster 2024 AS. Ho er utdanna skodespelar og har vore leiar av det frittståande scenekompaniet Scenekraft, som har som føremål å bruke historia til å tematisere samtida.
Sverre Meling jr er historikar og har lang erfaring med å behandle historia både som lærar i vgs, forfattar og i jobben som dagleg leiar av Maritimt forum Haugalandet og Sunnhordland.
Billetter kjøper du på ticketco.no
Meld deg på nyhetsbrev
Tidligere sendte nyhetsbrev