Gratis tilbod til eigarar av verneverdige bygningar

Er du eigar av ein eldre bygning og usikker på kva du kan eller bør gjere for å ta vare på den? Ta kontakt med Haugalandmuseet for gratis råd og rettleiing.

Landhandelen i Sevlandsvik - Sevlandsvegen 92b - Klikk for stort bildeLandhandelen i Sevlandsvik - Sevlandsvegen 92b. Eigarane fekk tildelt byggeskikkprisen for 2024 for framifrå restaurering.

Haugalandmuseet starta i januar 2024 opp eit pilotprosjekt frå Rogaland fylkeskommune. Prosjektet er retta mot eigarar av gamle hus, og går ut på at huseigarar kan få besøk og rådgjeving av ein bygningsvernrådgjevar med kompetanse på eldre bygningar. Bygningsvernrådgjevar Mathilde Engum Rollan er restaureringsarkitekt og utdanna ved Arkitekthøgskulen i Aarhus.

Tilbodet er for eigarar av eldre bygningar som er usikre på kva dei kan eller bør gjera for å ta vare på bygningane. Bygninga treng ikkje vera freda eller formelt verna for å vera innanfor tilbodet.

Huseigarane kan ta kontakt med Haugalandmuseet for gratis råd og rettleiing. Tilbodet er avgrensa til eit dagsverk per førespurnad.

Kontaktperson
Mathilde Engum Rolland
E-post: mer@haugalandmuseet.no

 Kva får huseigar ut av dette tilbodet?

  • Besøk av ein bygningsantikvar med kompetanse på eldre bygningar
  • Praktisk gjennomgang av eige bygg
  • Svar på spørsmål om eldre hus
  • Informasjon og råd om restaurering og vedlikehald
  • Informasjon om støtteordningar
  • Råd om kor ein kan vende seg for spesialkompetanse
     

Etter synfaringa får huseigar eit skriftleg notat om bygningen og kva som vart sett på. Notatet inkluderer gamle bilete og informasjon om vernestatus dersom dette er tilgjengeleg. Notatet kan med fordel leggast ved søknadar om øknomisk støtte til antikvarisk restaurering. Museet tek gjerne bilete under synfaringa, dersom eigar tillèt det. 

Kva får du ikkje gjennom tilbodet?

  • Haugalandmuseet har inga myndigheitsrolle og kan ikkje pålegge eigar å gjere tiltak, og kan heller ikkje avgjere byggesaker eller liknande. Rolla til museet er å gi ei bygningsfagleg vurdering utanom det offentlege apparatet
  • Haugalandmuseet utfører ikkje praktisk restaurering på synfaringane
  • Den gratis synfaringa inkluderer ikkje ein omfattande tilstandsvurdering etter Norsk Standard
  • Museet lagar ikkje teikningar av fasadar, planløysing eller liknande, men kan diskutere løysningar med huseigar
  • Det vert ikkje delt ut økonomisk støtte gjennom denne ordninga, men ein kan rådgje om kor og korleis huseigar kan få tak i slik støtte
  • Tilbodet er i hovudsak retta mot restaurering og vedlikehald av bygningar, ikkje ombygging og utviding eller tilbygg. Huseigar kan ta kontakt om ein er usikker.

Haugalandsmuseet vil arrangere kurs innføre aktuelle tema. Desse kursa blir annonsert på nettsida til Haugalandsmuseet og i relevante media.