Kulturpris, miljøpris og frivillighetspris skal delast ut i 2026. Alle kan foreslå kandidatar til dei ulike prisane, du finn skjema for innsending av forslag i denne artikkelen eller søk på nettsidene etter den enkelte pris. Du kan sende inn forslag med begrunnelse heilt til 1. november.
I tillegg til hedersprisane skal det tildelast kulturstipend til utøvarar innan kunst og kultur og idrett. Her skal du søke sjølv i eige skjema. Frist for å søke er også 1. november.
Kulturpris
Kulturprisen blir delt ut årleg for å heidre nokon som har gjort stor innsats i kulturlivet. Kvart år gir Karmøy kommune ein kulturpris til ein organisasjon eller person som har gjort mykje for kulturen i kommunen. Prisen er til heder og ære og inkluderer eit diplom og ein kunstgjenstand.
Andreas Kallestein tar i mot kulturprisen for 2024 på vegne av SILK litteraturfestival
Astrid Havn Tranøy
Frivillighetspris
Karmøy har ein aktiv og levande frivilligheit, dugnadsanda er stor, og breidden av frivillige lag og organisasjonar viser eit stort mangfald. Prisen er ei anerkjenning av frivilligheiten sitt viktige bidrag til samfunnet, der han er ein viktig faktor i forhold til utvikling av lokalsamfunnet, å skape møteplassar, gi tilhøyrsle og vere helsefremmande. Karmøy kommune kan årleg dele ut ein frivillighetspris til ein organisasjon eller enkeltperson som gjer eller har gjort ei stor innsats innan frivilligheiten i kommunen. Frivillighetsprisen er til heder og ære og består av eit diplom og ein gavesjekk.
Organisasjonen En hjelpende hånd fikk frivillighetsprisen i 2024
Astrid Havn Tranøy
Miljøpris
Prisen går til enkeltpersonar, organisasjonar og verksemder som har gjort ei særskilt innsats for miljø, klima og natur. For organisasjonar og verksemder må innsatsen vere ut over det som er forventa av den enkelte organisasjon eller verksemd. Miljøinnsats blir definert for tiltak og handlingar som gjer miljøet betre på Karmøy.
Gunnleiv Ferkingstad fekk miljøprisen for 2024 for sitt arbeid med bla Langåkerånå
Sven-Kato Ege
Kulturstipend
Er du utøvande innan idrett eller kunst og kultur, og ynskjer å søke stipend?
Karmøy kommune deler årleg ut inntil tre kulturstipend til utøvarar innan ulike kunstuttrykk, som sang, musikk, kunst og idrett.
Mari Liknes vart tildelt kulturstipend i 2024
Astrid Havn Tranøy