Elevenes filmfestival er i gang, og kommunen satser på film som kulturuttrykk

Film er best på kino, og i august kvart skuleår reiser alle elevar på ungdomsskulane til Karmøy kino, for å sjå film i regi av Den kulturelle skulesekken. Elevenes filmfestival er del av eit mangeårig lokalt samarbeid med Den norske filmfestival, som i 2024 vart fornya med fire nye år.

Filmvisning Karmøy kino - Klikk for stort bilde Astrid Havn Tranøy

Onsdag 21. august var festivalen igang, og årets opningsfilm er den seks ganger Amandaprisnominerte filmen Konvoi. Filmen, som og er nominert til Folkets Amanda, tar for seg historia til dei krigsseglarane som hadde det farlegaste oppdraget, Murmansk-trafikken. 8. og 9. trinn ved Bø og Stangeland ungdomsskule var første publikummarar på Elevenes filmfestival, som varer ut veka. Festivalen er eit tilbud til samtlige 1600 elevar i ungdomstrinnet.

Elevenes filmfestival 24 - Klikk for stort bilde Astrid Havn Tranøy

Årets program består av Konvoi for 8. og 9. trinn, der regissøren av filmen, Henrik Martin Dahlsbakken deltar på enkelte visningar. Han er i Haugesund i høve den 40. Amandaprisutdelinga som blir vist på NRK1 fredag kveld. 

Filmfestival - Klikk for stort bilde Umedia

10. trinn skal sjå filmen When Fucking Spring is in the Air, som vant ungdomsjuryen sin pris, UNG spillefilm, under Kristiansand barnefilmfestival. Filmen viser korleis Kasia, hovudpersonen, handterer familie, forhold og finansielle problemer samtidig som ho oppdagar at ho er gravid.

Filmplakat Den norske filmfestival - Klikk for stort bilde Den norske filmfestival

Våren 2024 vedtok Hovedutvalg oppvekst og kultur å inngå ny fireårig samarbeidsavtale med Den norske filmfestivalen. Bakgrunn for samarbeidsavtalen er at ein ynskjer å støtte lokale satsingar på film som kunstuttrykk, og vidareutvikle samarbeidet med festivalen om mellom anna Elevenes filmfestival og Min første filmfestival (barnehage).

Første visning vart avslutta med ståande applaus, noko som syner at elevane set pris på å ha film som del av undervisningstilbudet. Saman med Min første filmfestival er Elevenes filmfestival med på å bidra til eit variert og kvalitativt bra filmtilbud til eit ungt publikum i Karmøy.

Meld deg på nyhetsbrev

Tidligere sendte nyhetsbrev