Eirin og Jonas utviklar undervisningsopplegg med kunstig intelligens

Studentane Eirin og Jonas er tilsett av Karmøy kommune gjennom Sildikon Valley-prosjektet. I sommar skal dei arbeide i oppvekst og kulturetaten med fokus på undervisningsopplegg og kunstig intelligens.

Eirin og Jonas som er ansatt i Karmøy kommune i prosjektet Sildikon Valley i 2026 - Klikk for stort bilde Astrid Havn Tranøy

Eirin Austreim Jacobsen og Jonas Sirkka Østenstad skal utvikle og teste undervisningsopplegg for ungdomstrinnet, med særskilt vekt på bruk av kunstig intelligens i læring. Arbeidet skal gi innsikt i korleis KI kan nyttast som eit verktøy som støtter eleven sin læringsprosess.

Jonas er frå Haugesund, og studerer IT med Bachelor i Datateknologi og påbegynt master i optimering ved Universitetet i Bergen. Han har bakgrunn frå svømmeundervisning, og interesse for undervisningsfaget. Motivasjonen til Jonas for å søke jobben er å bidra til at elevane lærer å bruke KI på ein ansvarleg måte. Kunstig intelligens er noko han er positiv til, og han har lyst til å finne gode system for ansvarleg bruk av KI i skulen.

Pedagogstudent Eirin er frå Sveio og studerer master i grunnskolelærerutdanning ved HVL i Bergen. Ho søkte på prosjektet fordi ho ynskja ein relevant sommarjobb, og då passa denne stillinga godt. Eirin fortel at ho har jobba som vikar rundt om i skular der ho har observert elevar som bruker KI. Ho ser at dei treng rettleiing i å bruke dette verktøyet på rett måte. Samtidig er ho interessert i å finne løysingar som gjer at læraren får ein lettare arbeidskvardag.

Eirin og Jonas frå Sildikon Valley-prosjektet i 2026 - Klikk for stort bilde Astrid Havn Tranøy

Vil du vete meir om prosjektet? Følg med på nettsidene til Haugaland Vekst og prosjektet Sildikon Valley.

Meld deg på nyhetsbrev

Tidligere sendte nyhetsbrev