200 år sidan Restauration - jubileumshelg for utvandringa til Amerika

I 2025 er det 200 år sidan utvandringa til Amerika starta. Fredag 12. og laurdag 13. september blir dette markert med ei jubileumshelg i Karmøy. Bli med på kaien, kulturhuset og museet i Åkrehamn, og opplev Amcar-utstilling, konsert, cheerleading, foredrag, amerikakjoler, kafe og mykje anna moro.

Jubileumshelg 12.-13. september - Klikk for stort bilde Fotomontasje: Appex

Kulturverndagane har i år mellom anna migrasjon som tema. Det er 200 år sidan Restauration segla mot Amerika. I Karmøy har me valgt å markere både kulturverndagen og utvandringsjubileumet i ei stor jubileumshelg 12. og 13. september.

Me innleier jubileumshelga på Karmøy fredag 12. september kl 19:00 med foredrag frå professor Gunnar Nerheim, der tema er utvandringsfylket Rogaland med spesiell vekt på Karmøy. Når kom gjennombrotet for utvandringen på Karmøy? Var det skilnad på nord og sør, og kor dei busette seg i USA og Canada?

Etter foredraget blir det konsert med musikar og lokalhistorieentusiast Aleksander Hauge, som har skrive mange songar om utvandringa frå Karmøy. Arrangementet er på Karmøy kulturhus.

Kjøp billett

Laurdag 13. september opnar Åkrehamn kystmuseum opp dørene sine til ein fantastisk utstilling med utvandringshistorie og amerikakjolar. Det blir liv og røre på kaien i Åkrehamn, med Amcarutstilling og cheerleading, og det blir kafe.  Arrangementet starter klokka 12, og me håpar at du vil bli med!

Program:

12:00 Museet sin kiosk og Skåren fisk og skalldyr opnar, konferansier Jarle Nilsen sparker igang på kaien og orienterer om dagens program

12:00 - 16:00 Amcar-utstilling på kaien! Premiering av beste bil kl 15

12:00 Åkrehamn kystmuseum opnar dørene med bla Amerikakjoler, filmvisning, Ny Amerika-utstilling på museet og kiosk

13:00 ÅIL Cheerleading Thunder har show på kaien

Filmvisning på museet starter kl 12:30, 13:30 og 14:30.

Kafeen på museet selger vafler og kaffi under heile arrangementet. Det blir pylsekiosk på kaien, og du kan kjøpe deilig fiskeburger og fiskemat frå Skåren Fisk og Skalldyr.

Arrangementet på kaien og i museet er gratis, velkommen!

Jubileumshelga avrundast med filmvisning av På høye hæler i Amerika, med innleiing og ettersnakk med forfattar Siv Ringdal og regissør Gunhild Westhagen Magnor i Karmøy kulturhus. Visninga starter kl 16:00.

Kjøp billett

Jubileumsfeiringa i Karmøy er eit samarbeid mellom Karmøy kulturhus, Åkrehamn Kystmuseum, Karmøy kommune og Rogaland fylkeskommune, og ein del av kulturverndagen og det nasjonale jubileet for utvandringa, Crossings200.

Les meir om utvandringsjubileet i Karmøy og det nasjonale jubileet Crossings200.

 

Meld deg på nyhetsbrev

Tidligere sendte nyhetsbrev