Bli med på UKM minifestival i Karmøy!

Årets Ung Kultur Møtes (UKM) blir arrangert i Karmøy kulturhus 14. og 15. mars som ein minifestival. Meld deg på og vis fram det du driv på med, møt andre ungdommar og få sjansen til å bli med på fylkesfestivalen og den nasjonale UKM-festivalen. Bli med som publikum og støtt opp om ungdommen!

Kva er UKM og kven er det for?

UKM er eit nettverk av lokale festivalar, der ungdom kan delta med alle slags kulturuttrykk. Det er ingen premie eller vinnarar i UKM, me kan likevel love at du som deltakar får ei fin oppleving, og at du som publikum får unike kulturopplevingar av ungdommane på scena. 

UKM er for deg mellom 13 og 20 år, og du kan melde deg på som deltakar til og med 10. mars.

Velkommen til UKM Karmøy 2025!

UKM Karmøy blir i 2025 ein minifestival i Karmøy kulturhus, med fleire aktivitetar gjennom helga 14. - 15. mars. Laurdag 15. mars er det ope hus med kafe, utstilling og workshops frå kl 12:00, før forestilling på scenen kl 15:00. Men allerede fredag kan du melde deg på danseworkshops, som og kan bli ein del av forestillinga laurdag!

Program UKM 2025

Fredag 14. mars

16:40 - 17:40 DansJazz/Commercial med Candice Bredesen, alder frå 10. klasse, max 16 stk

17:40-18:40 DansJazz/lyrisk med Nadiia Stovba, alder 7.-9. klasse, max 16 stk

18:45-19:45 Dans Hip Hop med Nadiia Stovba, alder frå 7. klasse, max 16 stk

Laurdag 15. mars

12:00 Open kafe

12:15 Opning av utstilling

12:30 Korleis lage teikneserie? Med Linn Isabel Eielsen, alder frå 7. klasse og opp, max 30 stk

15:00 Forestilling på scenen

Påmelding UKM Karmøy

Påmelding workshop i dans fredag 14. mars

Påmelding workshop i teikneserie laurdag 15. mars 

Kvifor skal eg melde meg på UKM?

Gjennom vår lokale UKM-mønstring får ungdommar i Karmøy vist fram ulike kunstuttrykk til eit publikum og eit fagpanel, de får tilbakemeldingar og de får møte likesinna. Frå dei lokale mønstringane vert nokre av innslaga sendt vidare til fylkesfestivalen i Rogaland, og derifrå vert nokre plukka ut til den store landsfestivalen. Fylkesfestivalane og landsfestivalen vert begge organisert som festivalar der deltakarane er samla over fleire dagar.

UKM Karmøy 2024 - Klikk for stort bilde Astrid Havn Tranøy

Kva kan du delta med?

UKM omfattar eit breitt spekter av tenkelege og utenkelege kunstformer. Innslaga som vert sendt vidare skal spegle breidda i, og syna mangfaldet av det som vert presentert lokalt. 

UKM Karmøy 2024 - Klikk for stort bilde Astrid Havn Tranøy

Kjenner du nokon som skal delta? Bli med og støtt opp som publikum!

Målet med UKM er å stimulera og synleggjera ungdommane sin kulturelle aktivitet, lokalt, regionalt og nasjonalt. Då treng me deg som publikum! Bli med og hei fram ungdommane våre, sjå kva dei likar å halde på med, og få ein fantastisk kulturoppleving. Billett til forestilling er gratis for barn og ungdom.

Billetter til forestilling

UKM Karmøy 2024 - Klikk for stort bilde Astrid Havn Tranøy

Meir informasjon kan du få på UKM sine nasjonale nettsider.

Meld deg på nyhetsbrev

Tidligere sendte nyhetsbrev