Velkommen til Vikingfestivalen

Møt Gunn og dei magiske eplene, prøv bogeskyting og opplev nye vennskap! 6.-8. juni samlar Vikingfestivalen på Avaldsnes vikingentusiastar frå nær og fjern. Med sitt historiske sus og autentiske opplevingar, inviterer festivalen alle til å bli med inn i vikingtida sin rike kultur og tradisjonar. 

Gjester kan vente seg eit spektakulært program med handverksdemonstrasjonar, kampoppvisningar, musikk, dans og smaksprøvar på tradisjonell mat. Festivalen tilbyr eit levande formidlingsmiljø frå vikingtida, i tillegg til aktivitetar, historieforteljing og show. Festivalen opnar dette året fredag 6. juni, og har fullt program til og med søndag 8. juni.

 Opningstider, program og priser   Kjøp billetter til Vikingfestivalen

Teatertuttene inviterer til forestilling for dei minste om kongen si dotter Gunn og hennar magiske epler, i Naustet. Historisk instrumentmaker Kjell Braten har forteljarstund om musikk i Langhuset, der det og blir historiske spel for barn. Tradisjonen tru blir det strandhogg, du kan oppleve gjøglarar og kampshow, og barna kan ri på hest, leike vikingleikar og ro i vikingbåt.  

Vikingfestivalen forestilling med sjonglør - Klikk for stort bilde Astrid Havn Tranøy

 

Vikinggarden og vikingmarknad

Vikingmarknaden er hovedramma rundt festivalen, med lokale, nasjonale og internasjonale deltakarar. På vikinggarden kan du i år oppleve:

  • Historisk skriving og korleis bøker vart laga i vikingtid
  • Konstruksjon og demonstrasjon av vikingskjold, der du får sjå dei fem stega i produksjon av autentiske vikingskjold
  • Lek og spel
  • Lær om kva vikingane gjorde på fritida
  • Hos smeden. Tradisjonelt arbeid i metall
  • Demonstrasjon av perlemaking
  • Håndarbeid i vikingtida
  • Mat i vikingtida
  • Musikkgruppa Bordò Sàrkàny
Vikinghandarbeid - Klikk for stort bilde Bjørn Erik Nordås

Vikingfestivalen har fokus på familieaktivitetar, og håper mange tar turen for å sjå smeden i arbeid, høyre vikingmusikk, prøve bueskyting, hesteriding, gjøgling og teater – alt til ei vidunderleg ang av vikingmat.

Torgeir Henden

Transport

Det går kontinuerlig ved behov shuttlebuss frå parkeringsplassen oppe ved kyrkja til rundkjøringa ved butikkane.

Laurdag 11:00-18:30

Søndag 11:00-17:30

Universell utforming

Vikinggarden er ikkje universelt utforma. Verken stiar eller bygningar er tilpassa personar med funksjonsnedsettingar, sjølv om ein kan kome dit med båt.

For rullestolbrukarar:

Sjølv om Vikinggarden ikkje er fullt tilgjengeleg, klarer mange med rullestol å vitje Vikingfestivalen. Med hjelp kan dei kome ned den bratte bakken. Vi har eit tilgjengeleg toalett, men det er vanskeleg å kome inn i dei andre bygningane.

Meld deg på nyhetsbrev

Tidligere sendte nyhetsbrev