Skitur for ungdommar og open ungdomsklubb i vinterferien

Lyst til å gå på ski i vinterferien? Bli med kulturhusa i Karmøy på skitur til Sauda. Fristar det ikkje med snø har Norheim, Skudeneshavn og Karmøy kulturhus open ungdomsklubb.

Skitur med kulturhusa - Klikk for stort bilde

Skitur til Sauda | 25. februar | Kulturhusa

Kulturhusa arrangerer sin årlege skitur til Sauda tirsdag 25. februar, for ungdom frå 6. klasse og opp til 18 år. Pris er 250 kr som inkluderer buss og skikort. Turen er gratis for innehavarar av aktivitetskort, men hugs å bestille billett på ticketco. 

Manglar du skiutstyr? Ingen problem, det kan du leige gratis på Skattkammeret i Kopervik eller Haugesund. Påmeldingsfrist er 23. februar. Deltakarane må ha erfaring med alpint og vere sjølvgåande. Miljøarbeidarane ved ungdomsklubbane melder at dei er flinke med barn og ungdom, men dessverre ikkje skiinstruktørar. Meir informasjon og påmelding på ticketco.no.

Spørsmål om turen kan rettast til lmk@karmoy.kommune.no eller tlf: 40407224

Fritidsklubbar | Veke 9

Ungdomsklubb på Norheim kulturhus - Klikk for stort bilde Torgeir Henden

Fritidsklubbane på Norheim kulturhus har ope onsdag i vinterferien, tirsdag er det stengt pga skitur. Meir informasjon på Norheim kulturhus sine facebooksider.

Ungdomsklubben Down Under på Karmøy kulturhus har ope i vinterferien. Meir informasjon på Down Under sine facebooksider

Ungdomsklubben Connection på Skudeneshavn kulturhus har ope i vinterferien, og steller i stand tacokveld onsdag 26. februar.

Laurdag 22. februar arrangerer Down Under og Connection laurdagsopen klubb i Down Under sine lokaler i Karmøy kulturhus, Åkrehamn, med UKM Noreg sitt nye konsept Spillquest. Dette er eit lågterskel tilbud med konkurransar i ulike dataspel, som blir haldt hemmeleg fram til sjølve dagen.

 

Meld deg på nyhetsbrev

Les tidligere sendte nyhetsbrev