Nytt tilbud til ungdom på Syreneset fort

Alle 9. klassingar i Karmøy besøker i desse dager Syreneset fort for å lære om 2. verdskrig lokalt, på utradisjonelt vis. Her møter dei på to unge jenter i rare gamle klede, som har litt å fortelje.

Formidling på Syreneset fort til ungdommer - Klikk for stort bilde Ørjan B Iversen

Levande historie med rom for refleksjon

Det er rett etter slutten av krigen, og dei to unge jentene som møter 9. trinnselevane er Haldis og Kristine frå Syre. I eit vandreteater får ungdommane ta følge når jentene er på leit etter ein ung tysk soldat som dei har blitt kjent med under krigen. Undervegs må dei passe seg, for dei veit ikkje om okkupasjonsmakta har forlatt postane sine heilt enno.

I jakten på Herman oppsøker ungdommane og deira lokale guidar bunkersanlegget som utgjer Syreneset fort, og det dukkar etter kvart opp spor. Vandreteateret inviterer oss til å reflektere over korleis krig påverkar oss alle, korleis eit heilt folk plutselig er fiender, og kva val enkeltindividet blir stilt ovanfor. Er verda svart og kvit, eller finnes det nyansar? Elevane får innblikk i kvardagslivet for menneska her i Karmøy. Kva gjorde dei norske lærarane når dei fekk eit ultimatum frå dei tyske okkupantane? Kor gjekk ein på handel under krigen?

Spenninga ligg heile tida i om flokken blir oppdaga, og om dei finn Herman. Er han trygg, og kva skjedde med han og andre menige tyskarar som opphaldt seg her lokalt? Er det mulig å vere venner med fienden, og har fienden menneskelege sider?

Tilbudet er i regi av Den kulturelle skulesekken i Karmøy. Manus til vandreteateret på Syreneset fort er ved Nina Sele og Dagmar Lunde, som og spelar hovedrollene. Ein heil haug med kjekke og reflekterte ungdommar har og skal delta i biroller. Kanskje blir det invitert til forestilling for eit større publikum med tid og stunder, slik at du og kan vere med?

 

Meld deg på nyhetsbrev

Nyheter og informasjon om kommunens tilbud 
og aktiviteter, rett i din innboks.