Filmfestival for store og små på Karmøy kino

Den norske filmfestival vitja torsdag Karmøy kino for å vere med og arrangere Min første filmfestival for barnehagane. I år vart det rekordoppmøte av førskulebarn. Etter minifestivalen var det dei vaksne sin tur, på Kinodrøsen.

Min første filmfestival og Kinodrøsen 2024 - Klikk for stort bilde Astrid Havn Tranøy

Min første filmfestival med rekordpåmelding

Spente førskulebarn og ansatte møtte ein ekte filmfestivalsjef som stod klar med raud løpar, og eigne akkrediteringskort på Karmøy kino. Før dei fekk sjå filmen Apestjerna, var det minianimasjonsverkstad med gode hjelparar. Over 200 barn og vaksne deltok i år i verkstaden og filmvisninga, og kinosjefen var glad for å sjå at arrangementet lar seg gjennomføre med så mange deltakarar.

Fleire av ungane protesterte då førskulelærarane ville inn i salen og sjå film, for dei hadde jo ikkje fått snop enno, men dei gjekk med på at det måtte bli ein annan gong. Inne i salen hadde dei gode råd til kvarandre om filmen som venta. Blir det skummelt skal ein berre halde hendene foran ansiktet, så går det meste bra. Og det gjorde det. Då førskulebarna rusla ut etter filmen var Kinodrøsen i full gang. Filmen Apestjerna er ein animasjonsfilm som er delprodusert av det norske produksjonsselskapet Mikrofilm, som vant Oscar for kortfilmen Den danske dikteren.

Apestjernen stillbilde fra film - Klikk for stort bilde Lee film/Mikrofilm

Kinodrøsen med kafe, loddtrekning og løyndomsfulle brev

På kinodrøsen var det duka for filmen Wicked little letters, som er basert på ei sann historie om ei dame som blir tiltalt for å sende brev til naboane sine med stygge skjellsord. Nokre få damer begynner å lure på om hendingane er så enkle som dei framstår, og starter sin eigen etterforskning.

Min første filmfestival og Kinodrøsen 2024 - Klikk for stort bilde Astrid Havn Tranøy

Før filmen var det som vanleg høve til ein heil times drøs for dei som ville, med kaffi og kjeks attåt. Kvar torsdag i partalsveker kan du sjå film, og treffe kjente og få kaffi og te inkludert i kinobilletten på Karmøy kino. Dette er eit veldig populært tilbud, som mange pensjonistar nyttar. Kinosjef Aina Sævik Olsen understrekar at tilbudet er for alle som har mulighet til å sjå film på dagtid. Her kan du lese meir om kinodrøsen.

Denne dagen fekk filmfestivalsjef Tonje Hardersen æra av å opne gildet med utlodning av goodiebags frå filmfestivalen. Den norske filmfestivalen og Karmøy kommune har i fleire år hatt eit samarbeid ein gang i året om Min første filmfestival og filmprogrammet for Kinodrøsen. Dette er eit satelittarrangement til filmfestivalen, som ynskjer å nå ut til publikum i kommunane på Haugalandet. Målet med arrangementet er å vise at film er best på kino, og å gjere oss vante med å gå på kino frå tidleg alder.

Bilder frå dagen

 

Meld deg på nyhetsbrev

Nyheter og informasjon om kommunens tilbud 
og aktiviteter, rett i din innboks.