Deling av eigedom

Ønskjer du å dele ei tomt eller opprette ein festegrunn, må du søkje kommunen.

Ønskjer du å dele frå ei tomt eller opprette ein festegrunn for meir enn ti år, må du søkje kommunen om løyve.  Eit slikt løyve er trinn 1 i ein saksbehandlingsprosess der trinn 2 er å halde ei oppmålingsforretning der den nye eininga får eige gards- og bruksnummer (matrikkelnummer). Ved delinga må det ikkje kome til forhold som strir mot plan- og bygningslova eller vedtekter som er gjorde etter lova. Difor er krava til søknaden og saksbehandlinga i kommunen den same som for byggjesøknader. Skal du søkje om frådeling for ei ekstra bustadtomt i hagen, må kommunen ta stilling til om det er mogleg å byggje eit bustadhus av normal storleik og standard på den nye parsellen. 

Det er ikkje nødvendig med løyve for deling som skjer som ledd i eit jordskifte i tråd med ein rettsleg bindande plan.

For Karmøy kommune

Kriterier

For å kunne setje i gang tiltaket må søknaden (og eventuelt søknad om dispensasjon frå vilkåra, eventuelt forslag om å endre reguleringsplan) vere godkjent av kommunen. Desse vilkåra må vere oppfylte:

  • Det må vere sendt varsel til naboane  
  • Tomtedeling må oppfylle alle krava til byggjetomt i plan- og bygningslova, for eksempel krav til veg, vatn og avløp
  • Tiltaket må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen

Søknadsveiledning

Søknaden om deling av eigedom skal vere skriftleg. Du må føre opp korleis du ønskjer at delinga skal utførast. Du må også leggje fram eit forslag til grensegangen som er teikna inn på kart.

Søknadsbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Søknadsklage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Lover

Sjå særskilt plan- og bygningslova

  • §§ 18-1 og 18-2 (Opparbeidelseskrav)
  • § 20-1 (Tiltak som krever søknad og tillatelse)
  • kap. 21 (Krav til innhold og behandling av søknader)
  • kap 26 (Opprettelse og endring av eiendom)
  • §§ 27-1 - 27-4 (Tilknytning til infrastruktur)
  • § 28-7 (Den ubebygde del av tomta. Fellesareal)