Rusvik naturbarnehage vinnar av Miljøprisen 2020

Hovedutvalg teknisk og miljø har valgt Rusvik Naturbarnehage som vinnar av Miljøprisen 2020 for å spreie sitt natur- og miljøengasjement til barn og foreldre i fleire tiår. Dei har også arbeidet for å redusere barnehagen sitt miljøfotavtrykk.

Rusvik Naturbarnehage starta opp i 1990 i Kopervik, og valte tidlig ei pedagogikk med vektlegging på natur og miljø. Hovudvisjonen deira er at barna skal bli glade i naturen på eigne premisser. Dette ved at dei får positive naturopplevingar og holdningar som dei kan ta med seg vidare. Dei vil at barna skal ønskje å ta vare på naturen og miljøet omkring seg.

Oppfyller fleire av krava

Rusvik Naturbarnehage oppfyller fleire av krava tilmiljøprisen, både gjennom dei ulike tiltaka dei gjer for å redusere barnehagens miljøavtrykk, og gjennom å skape miljøengasjement til ei generasjon av barn, foreldre og tilsette.

Miljøengasjementet til Rusvik er utover det ei kan vente av ei barnehage, og er verkeleg eit godt døme på ei verksemd som strekker seg langt for å redusere eiga miljøfotavtrykk. I 2015 valte de å sertifisere seg som miljøfyrtårnverkstemd.

Dette gjer at dei heile tida har utfordra seg sjølv med nye tiltak for avfallsmengde og energibruk, og auke andelen økologisk og lokalprodusert mat.

Ved inngangen til barnehagen er det etablert ei miljøstasjon. Her kan foreldre ta med seg glas, metall og plast for gjenvinning.

Gjør eigne tiltak og gev familiane miljøtips

I barnehagedrifta arbeider dei og med å redusere eiga restavfall. Dei har difor valt å tilby tøybleier, og har før korona valt å nytte handkle i stade for papir for tørking av hender. Dei er og opptatt av å ta vare på det dei allereie har, istade for å kjøpe nytt. 

Gode miljøtips vert delt med foreldre i det månadlege nyheitsbrevet, i tillegg til at barna tek med seg gode verdiar og vanar heim frå barnehagen. Dette kan vere å rydde plast og anna avfall langs veg og i naturen.

Som leigetakar av barnehagebygget er det avgrensingar i kva for tiltak barnehagen kan gjere for å forbetre energibruket i sjølve konstruksjonen med blant anna isolasjon. Det stoppar dei ikkje frå å sjå på alternativ for energibruk, og nyleg skaffa dei solceller som gir strøm til oppvarming og belysning.

Rusvik Naturbarnehage er ei barnehage og verksemd som systematisk arbeider for å bli betre, og bør vere eit førebilete og inspirasjon for andre barnehagar og verksemder i kommunen.