Høyring av forslag til kommunedelplan for fylkesveg 47 Veakrossen - Helganesvegen

av Anders L. Eie sist endret 02.05.2018 - 11:36
Statens vegvesen har utarbeidd forslag til kommunedelplan med konsekvensutgreiing for fylkesveg 47 mellom Veakrossen og E134 Helganesvegen. I den forbindlese vert det arrangert eit ope møte og ein kontordag på rådhuset.
Høyring av forslag til kommunedelplan for fylkesveg 47 Veakrossen - Helganesvegen

Faksimle fra filmen som viser traseen som Statens vegvesen har laget.

Planforslaget og konsekvensutgreiinga er utarbeidd med bakgrunn i planprogram fastsett av Karmøy kommune 28.11.2016.

Føremålet med prosjektet er å avlaste dagens veg og forbetre trafikkforholda og trafikktryggleiken, redusere støy og barriere langs dagens veg, bidra til auka kollektivandel samt gje grunnlag for auka sykkelbruk og gange.

Føremålet med kommuneplanen er å fastsette alternativ/korridor for ny fv. 47, medan konsekvensutgreiinga gjer greie for kva følger utbygginga har for miljø, naturressursar og samfunn.

Statens vegvesen kjem i kapitel 13 i hovudrapporten «Planbeskrivelse med sammendrag av konsekvensutredning» med si tilråding for val av alternativ/korridor. Der går det og fram kva alternativ/korridor Statens vegvesen ikkje tilrår.

Dokumenta er på høyring i tidsrommet frå 06. mars – 24. april 2018. Etter at uttalane til høyringa er handsama vert planen vedteke av Karmøy kommune.

I samband med høyringa vert det arrangert ope møte tysdag 3. april kl. 18:00 i
kommunestyresalen på Rådhuset i Kopervik. Det vert også kontordag tysdag 10. april kl. 14 – 19 på Rådhuset i Kopervik.

Plandokumenta finn ein på http://www.vegvesen.no/Vegprosjekter, samt på prosjektet si heimeside https://www.vegvesen.no/Fylkesveg/fv47veahelg. Eller kommunedelplanen si eiga side

Papirkopi av dei formelle dokumenta ligg på servicetorget på Rådhuset i Kopervik.

Kontaktperson i Statens vegvesen er

Bjørn Åmdal
Telefon 95033506
E-post: bjorn.amdal@vegvesen.no.

Høyringsuttale og innspel til planen sendast innan 24. april 2018 til:

Statens vegvesen Region vest
Askedalen 4
6863 Leikanger

eller til
firmapost-vest@vegvesen.no

Vi ber om at innspela blir merka med «Sak 15/227772 Kommunedelplan fv. 47 Veakrossen – Helganesvegen».

Statens vegvesen sender planen ut på høyring og ettersyn i tråd med § 3-7 og § 11-14 i plan- og
bygningslova.

Statens vegvesen har fått laget en film som viser den ønskede traseen:

Side-alternativer

Byplanlegging

Facebook 2 ikon Twitter-ikon Instagram You Tube RSS-Ikon

Rettigheter tilhører Karmøy kommune.