Informasjon om miljøfaktorer fra industriområder

Sist oppdatert 16. januar 2020 15:07

Karmøy har fleire industriområdet og verksemder som har utslepp av ulike typar for forureining som kan påverke helse og miljø. Forureining som kan påverke helsa vert ofte omtala som miljøfaktorar om omfattar støy, støv, lukt og meir tradisjonell forureining som kjemikalieutslepp. Denne sida vil gi noko informasjon om dei ulike miljøfaktorane, kven som har mynde og handlingsrommet til kommunen. Sida er under utvikling, vi vil difor gjerne ha tilbakemelding om det er fleire industriområde som vi bør vurdere å ha ekstra opplysningar om. Tilbakemelding sendes til post@karmoy.kommune.no

Klage på forureining?

Karmøy kommune har oppretta eit skjema for klage. Vi ber om at dette nyttast når det gjelder gjeld ulike typar forureining frå industri, men også frå privateigedomar, offentlege områdar eller andre steder. Kommunen vil vurdere alle mottatte klagar. De alvorlegaste klagane vil bli prioritert. Her har du skjema

NB!

  • For akutt forureining skal brannvesenet kontaktast.
  • Ved støy på heilagdagar og natt er politiet mynde.

Generell informasjon om miljøfaktorar frå industri:

Støy

Støy er definert som uønska lyd. Kva som opplevast som støy er subjektivt, då forskjellige folk oppleve lyd ulikt. Støy som forureining er definert utifrå fastsette grenseverdiar, kvar ein ofte ser til støyrettleiaren til miljødirektoratet for å fastsette grenseverdiar for støy: https://www.miljodirektoratet.no/publikasjoner/2014/februar-2014/veileder-til-retningslinje-for-behandling-av-stoy-i-arealplanlegging-t-14422016/ https://www.miljodirektoratet.no/globalassets/publikasjoner/klif2/publikasjoner/stoy/2207/ta2207.pdf

Sjølv om lyden er innafor grenseverdien kan det likevel opplevast som støy, og utgjere ein helseulempe. Dette gjeld særleg dersom støy medfører problem med søvn eller gir stress. Vi ber om at du fyller ut klageskjemaet dersom du opplever støy/lyd som gir ein helseulempe.

Kjelder til støy

På Karmøy får kommunen inn meldingar om støy frå industriområde, hamneområde og midlertidige anleggsplassar. I Noreg er det i hovudsak støy frå vegtrafikk som er den støykjelda som rammer flest og det er relativt mange som er ramma av støy.

Regulering av støy

Støy frå industriområdar kan regulerast i reguleringsplan. Diverre er ofte industriområdane gamle, og manglar føresegn på støy i reguleringsplan. Industri om krevje utsleppsløyve frå Fylkesmannen har ofte eigne krav til støy. Større hamneområder og flyplasser har eit eiga regelverk for støy, og vert ikkje omfatta av dei vanlege reglane. Det kan difor ventes støy frå slike områdar.

Meir om støy

Miljøstatus.no har ein eiga side for støy, kor ein kan lese om trend for støypåkjenning, kjelder, konsekvensar og tiltak for å redusere støy. Sida viser òg eit kart over støy frå deler av fylkesveg og Europaveg på Karmøy

Det kan og lesast om støy som forureining på regjeringa i side

Støv

Støv er partiklar som kjem frå ulike kjelder og har ulike eigenskapar. Helserisikoen knyta til støv, og særleg svevestøv, avheng av storleik, form og samansetting. Det er i hovudsak småpartiklar som kan medføre helseskade ved at desse kjem seg inn i lungene, og kan gi plager. Dette er snakk om partiklar som er veldig små (mindre enn 10 µm).Karmøy kommune har ikkje kjennskap til at det er verksemder i Karmøy som medfører forureining av partiklar i denne storleiken.

Større partiklar fell relativt fort til bakken, noko som medfører mindre eksponeringstid, i tillegg til at storleiken gjer det vanskelegare for støvpartiklene å komme inn i lungene.

Kjelder til støv Støv kan kome frå ulike kjelder. Kommunen får ofte meldingar om vår/sommar om støv om har lagt seg på bilar og i vatn, som ofte visar seg å vere pollen. Støv kan og kome frå andre kjelder til dømes nærliggande næring som nyttar pulver som ein del av sin verksemd, steinknusarverk eller vegstøv i svært tørre periodar.

Vegstøv er ein av dei største kjeldene til svevestøv. Dette gjeld særleg i tørre periodar med lite vind.

Lukt

Lukt er ein kjemisk sans, kor vi opplever lukt ved at molekyl i lufta binde seg til reseptorar i nesa. Om ein lukt er god eller dårleg er til ein viss grad subjektiv då vi har noko ulik respons på lukt. Nokre lukter er meir universell gode eller dårlege. Lukt av søtt og frisk mat er noko de fleste synast er godt, medan lukt av sjukdom og råte er farleg for oss og dermed noko som vi generelt synast lukter vondt.

Kjelder til lukt:

Lukt er ein særleg utfordring på Husøy, men det har og vert hendingar med lukt andre stader i kommunen. Det står meir om lukt fra Husøy under fana Husøy ovenfor.

Hausten 2019 har vi fått meldingar om lukt på Røyksund, kvar kjelda til lukta ikkje er bekrefta.

Forureining i sjø

Ved akutt forureining av oljer og kjemikaliar i sjø skal brannvesenet kontaktast!