Filmar om kunst og undervisningsopplegg for kunst

Har du besøkt Tid som står på Åkrasand, eller sett på skulpturane ved Stangaland skole? Leitar du etter idear til kunstoppgåver for elevane dine, eller vil du vite meir om kunst? I SkulpTur-filmane lærer du om skulpturar i Karmøy. Du eller klassen kan òg prøve oppgåver laga av kunstnaren Bernhard Østebø for å lære meir om nokre skulpturar.

SkulpTur - sjå Gustav, Tid og Mann i Båt bli levande gjennom filmens magi

Den kulturelle skulesekken, i samarbeid med Absurd film og Bernhard Østebø, har produsert humoristiske filmar om SkulpTur. Filmane, som varer nokre minuttar kvar, formidlar kunnskap om kunst si tyding, kunstproduksjon, og kunstnarane bak. Oversikta over filmane finn du her. Bli med skateguten og kunstformidlaren for å utforske kunst på Karmøy. Filmane, retta mot skulebarn men eigna for alle kunstinteresserte, er tilgjengelege her.

SkulpTur speleliste på YouTube

Undervisningsopplegg

Her har me samla litt inspirasjon til deg som underviser om kunst, eller som er interessert i å lære endå meir om skulpturane i serien. Du kan og finne utklipp av kunstverka som er omtala i filmane, til fri nedlasting, dersom du vil bruke dei i eigne digitale kunstverk. Kanskje vil du lage ein collage av alle skulpturane?

Artikkelliste