Gode tips til deg som er syklist

Den kalde årstida vi no er inne i, kan tidvis gi oss enkelte utfordringar med islagte strekningar.
Husk å vær varsam på sykkelen, sjølv om det ser bart og fint ut.
Det kan vere lurt å skifte til piggdekk om du framleis ynskjer å sykle når snø eller is legg seg på vegane i kommunen.
Stor vassføring kan få dei største veghola og kratera til å sjå ut som små sølepyttar. Kumlokk, avlaupsrister, vegmerking og andre malte symbol kan også gi oss glatte parti når det regnar. Unngå desse om du kan, og sjå opp for grus og sand. Både sikt og feste er langt dårlegare når det regnar.

Kan vi sykle fleire på ein sykkel?

Skal du ha med deg passasjerar på sykkelen, så er det ein rekke begrensningar ein må følgja til både alder og antall.
• På sykkelen er det tillatt å frakte enten eit barn på under 10 år.
• Husk at om ein sykkelvogn kan ein enten frakta inntil to barn under 6 år eller eit barn over 6 år.

Har naudsynt tryggleiksutstyr i orden. Michael Gräfe syklar til jobb kvar dag og passar på at han er synleg for andre.