Bru til Bukkøy nærmer seg ferdig

Utifrå framdriftsplanen skulle brua vere ferdig ved utgangen av april. Sein levering av enkelte deler av materiala, samt vind har forsenka prosjektet noko.

Brua nærmar seg likevel ferdigstilling. Ein må og få ferdigattest frå kommunen før ein kan ta brua i bruk. Skilt om stengt bru oppe ved parkeringsplassen vil bli ståande fram til brua blir opna for publikum.

På grunn av den spesielle kulturhistoriske plassen brua ligg ved, har det vore ein del hensyn å ta i forhold til det å setje opp ei ny bru, både i søknadsprossessen og i utføringsdelen. Det er kulturminner både til vanns og til lands her, som har gjort at det ikkje var bare til å grave og heller ikkje å gå inn med båt ved brua for frakt av materiale. I tillegg var det krav til at brua ikkje skulle vise for godt igjen i terrenget og at ho blei bygd i naturlege materiale.

Grunna restriksjonar i bruk av turvegen frå kyrkja og ut til Bukkøy, fekk heller ikkje prosjektet bruke denne vegen til transport av materiale. Prosjektet har derfor nytta seg av helikoptertransport på mestedelen av materialtransporten samt båt til kaien på Bukkøy for den resterande transporten.

Den nye brua er i det store og heile bygd opp av tremateriale og med fundament av betong. Den gamle brua var og i tre, men med understell av stål.

Leggjer til rette for universell utforming

Karmøy kommune ynskjer å leggje mest mogleg til rette for universell utforming, derfor er gangbreidda på brua utvidet når ein først gjorde ein jobb.

Her er noen bilder fra brua: