Anskaffelser med klimaambisjoner leiter etter prosjektleder

Karmøy kommune, har i lag med kommunane Haugesund og Tysvær, gått saman om eit prosjekt for å auke kompetanse og vektlegging av miljø- og klimakrav i større innkjøp av varar og tenester. Dette prosjektet har fått namnet «Anskaffelser med klimaambisjoner», og har fått tilskot på 1.1 millionar kr frå miljødirektoratet sin tilskotsordning Klimasats.

I 2018 kom det ei ending i “forskrift om offentlige anskaffelser” som gjorde det mogleg for det offentlege å vekte miljø i innkjøpa, og stille meir konkrete miljøkrav. Dette handlingsrommet har i liten grad blitt nytta her i regionen, og det har kommunane Karmøy, Haugesund og Tysvær lyst til å gjere noko med! Karmøy søkte difor, på vegne av dei tre kommunane, Klimasatsmidlar til prosjekt om klimakrav i innkjøp, og søknaden vart godkjent.

Prosjektet vil i hovudsak bestå av ei eittårig prosjektstilling som skal støtte innkjøpsavdelingane og hjelpe dei med å sette riktige klima- og miljøkrav i det enkelte innkjøpet. Det er òg søkt om midlar til eit kompetansehevande seminar for tilsette kommunane og offentlege etatar i regionen. Seminaret vil vere i Haugesund 25. oktober, og vi håper på et stort oppmøte frå kommunar og offentlege etatar på Haugalandet.

Når kommunane byrjar å stille miljøkrav til sine leverandørar vil medføre at det lokale næringslivet må endre seg for å kunne til å levere varer og tenester til kommunane. Kommunane er generelt attraktive kundar, fordi vi har stor stabilitet og kjøpar inn for store summar i året. Vi håper kommunane gjennom å bruke miljøkrav kan bidra til å gjere Haugalandet litt grønare og meir miljøvenleg. Det er tenkt at miljøkrava skal nyttast til motivasjon for næringa slik at dei gjer endringar som fremmar eit lågare klimagassutslepp og meir miljøvenlege løysingar.

Søknad og brev om tilsegn kan lesast på miljokommune.no under fana «klima».

Søknad

Tilsegn

Prosjektet vil etter kvart få si eiga side på Karmøy kommune si nettside, slik at vi kan dele vår erfaring med andre kommunar.

Vil du bli vår prosjektleder i dette prosjektet? Sjekk ut stillinga

Søknadsfrist er 23.09.2019

Kontaktpersoner

Kristian Wikre
Innkjøpssjef.
Telefon: 52 85 74 15 /  99 46 33 29
E-post: krwi@karmoy.kommune.no

Pernille Iden
Miljørådgiver
Telefon: 52 85 72 45
E-post: peid@karmoy.kommune.no