Astrid Havn Tranøy
Kva er nytt og kva må dei som søker i år passe på?
-Det vart vedtatt nye retningslinjer for kulturmidler i 2024, fortel kultursjefen, der det no blir krevd at alle som søker har organisasjonsnummer, og er registrert i kommunen sitt frivillighetsregister Aktiv i Karmøy, og i det nasjonale frivillighetsregisteret. Dei aller fleste organisasjonar har dette på plass, så det vil gjelde eit fåtall, seier han. Kultursjefen gjer og merksam på at tilleggsbevillingen på 900 000 som kommunestyret har gitt i 2023 og 2024, ikkje er videreført i 2025. Her kan du lese meir om tilskuddsordningane i budsjettet.
Kva tilskuddsmidler kan du søke om innan kultur?
Det finnes fleire tilskuddsordningar innan kulturfeltet som ein kan søke på, fortel kultursjefen. Du kan søke driftstilskudd til lag og organisasjonar, tilskudd til reparasjon og vedlikehald av foreningsbygg og tilskudd til leikeplassar og friluftsanlegg. Skal du arrangere festival dette året kan du søke om festivaltilskudd. Les om alle søknadsordningane Karmøy kommune har innan kultur.
Søknad om faste treningstider
Kultursjefen informerer og om at dersom ditt lag eller organisasjon har behov for treningstider i kommunale idrettshaller og svømmehallar skuleåret 2024-25 skal du søke no.
Korleis søker ein om tilskuddsmidler?
Dei fleste søknadsskjema er elektroniske, og du finn dei på nettsida til Karmøy kommune. Eit godt tips frå John Arve Hveding er å søke på ordet skjema i søkefunksjonen når du er på nettsida. Du finn og direktelink under kvar enkelt søknadsordning i oversikten.
Korleis veit ein om ein har rett på tilskudd?
Det er lurt å lese retningslinjer for kommunale tilskottsordningar innan kultur før du søker, slik at du veit kva søknadskriterier som gjeld. I november 2024 vedtok hovedutval oppvekst og kultur nye retningslinjer. Les retningslinjene for tilskudd innan kultur.
Kva er søknadsfristen?
Søknadsfrist for å søke kulturmidler og treningstider er 1. mars.
Søk tilskuddsmidler innan kultur
Søk treningstider i idrettshaller og svømmebasseng
Meld deg på nyhetsbrev
Les tidligere sendte nyhetsbrev