Ung Kultur Møtes i Karmøy!

Laurdag vart Ung Kultur Møtes (UKM) arrangert i Karmøy kulturhus, og det var heile 16 innslag på scenen, og fem utstillingsobjekt. Ein kunne tydeleg sjå at ungdommen storkoste seg og støtta godt opp om kvarandre. Årets konferansier var 14 år gamle Finn Woida som stilte standsmessig i gulldress. Her kan du sjå bilder og lese meir om arrangementet.

Deltakere ved UKM Karmøy 2024 - Klikk for stort bildeDeltakarar ved UKM Karmøy 2024 Astrid Havn Tranøy

Kva er UKM?

Fokus i UKM er å synleggjere ungdom sine kulturuttrykk og ungdomskultur, og stimulere ungdom til å delta både som utøvarar og tilretteleggarar.

Målet er å gi ungdom inspirasjon til videre engasjement i kulturlivet, skape ein møteplass, motvirke utanforskap, og bygge kreativitet, nettverk og kompetanse. 

Lokale UKM-arrangement inngår i eit nasjonalt nettverk, med internasjonale forgreningar. Det landsdekkande nettverket til UKM opnar muligheter for ungdommane utanfor eigen kommune, og skaper møter, opplevingar og erfaringar som deltakarane veks på, og tar med seg tilbake til heimkommunen. Tanken er at dei skal bringe tilbake inspirasjon til sine nærmiljø i form av nye idear og forsterka engasjement.

Fylkesfestival for UKM blir arrangert på Sola 5.-7. april, og ungdommane som representerer Rogaland her deltar på landsfestival i Bodø 21.-25. juni. Bodø er internasjonal kulturby i 2024. 

Karmøy sine representantar i fylkesfestivalen

Bandet Agitated - Klikk for stort bildeBandet Agitated Astrid Havn Tranøy

Desse deltakarane vil representere Karmøy i fylkesfestivalen i Sola:

Agitated med låta Shattered darling

Natalie og Jørgen med låta Loosing you

Annika Ingvaldsen med låta Baby shoes

Helene og Igor med låta Tell me how

Dennis Sørvik (kunst)

Ingrid Huus (kunst)

Bilder frå UKM 2024

 

Meld deg på nyhetsbrev

Nyheter og informasjon om kommunens tilbud 
og aktiviteter, rett i din innboks.