Astrid Havn Tranøy
Skudeneshavn har hatt status som freda kulturmiljø sidan 2018, då store delar av sentrum vart freda av kongen i statsråd. Dette er den høgaste formen for vern ein kan få i Noreg, og kun 11 andre område har denne statusen. SKUL-forskarane har sett på kva verknad kulturmiljøet Skudeneshavn har på innbyggarane si trivsel og velferd. Kva har det å seie for vår velferd å vekse opp i tilknyting til eit kulturmiljø? Er kulturmiljø viktig for barn og unge sin trivsel? Er kulturmiljøet viktig for nyinnflytta?
Sosial velferd er eitt av FN sine bærekraftsmål, og omhandlar inntekt, arbeid, bustad, helse, oppleving av trivsel, sosiale relasjonar og frivillig engasjement. Korleis du har det, og korleis du opplever å ha det. Kommuneplanen sin samfunnsdel er basert på FN sine bærekraftsmål, og skal gjere desse relevante og lokale. Samfunnsdelen ligg til grunn for satsingar i kommunen. Det er difor ekstra spennande med forskning som kan gi ein peikepinn på om satsinga på kulturmiljøet i Skudeneshavn kan ha positive ringverknader for den sosiale velferda til innbyggarane.
Attraksjon og grunnlag for eit rikt kulturtilbod
Forskarar har intervjua aktørar innan næringslivet, kulturarbeidarar, forvaltarar, innbyggarar og frivillige. Undersøkinga viser at Karmøybuen gjerne viser fram Skudeneshavn når dei har besøkande, og er stolte av at turistar frå nær og fjern oppsøker byen. Bryllupsfotografering i pittoreske Skudeneshavn har blitt ein trend. Til å vere ein liten stad er kulturtilbudet i Skudeneshavn breidt og variert. Skudefestivalen og Skudeneshavn Internasjonale Litteratur og Kulturfestival (SILK) er godt kjent, og gjennom året blir mange mindre arrangement, som julemarknad og Klassisk påske i Skudeneshavn, gjennomført. Byen har fleire kommersielle tilbud til besøkande og fastbuande, og kulturmiljøet i Skudeneshavn er scene for levande historieformidling for skuleelevar gjennom Den kulturelle skulesekken (DKS). Her blir elevane tatt med tilbake i tid på historiske vandringar i byen og på Skudeneshavn museum, med profesjonelle skodespelarar. Living history har og blitt vidareutvikla til kommersielle vandringar for turistar. Frivillighetssentralen bruker kulturmiljøet Skudeneshavn i sine satsingar, som sommargøy og prosjektet Generasjon Relasjon, der unge lærer eldre teknologi, medan eldre bidrar med kunnskap om Skudeneshavn si historie.
Astrid Havn Tranøy
Sosial arena
Skudeneshavn sitt kulturmiljø blir nytta som sosial arena og rekreasjonsarena. Her går innbyggarane tur, og treffer kjente på offentlige plassar og i byrom og lokaler. Ei gruppe seniorar møtes fast i eitt av galleria i Søragadå, for å drikke kaffi og vere saman. Kjensla av tilhøyrsle er stor blant fastbuande, og kommunen bruker kulturmiljøet aktivt for å bygge tilhøyrsle til staden hos barn og unge.
Eit kvalitetsstempel
Det er mange som besøker og bruker kulturmiljøet Skudeneshavn, både fastbuande, båtturistar, fritidsbustad-eigarar, overnattingsgjester, cruiseturistar og festivaldeltakarar. Skudeneshavn blir nytta aktivt i marknadsføring av Karmøy, og mange meiner at kulturmiljøfredninga er eit kvalitetsstempel. Byen er attraktiv for næringsdrivande å satse i, kanskje på grunn av kvalitetsstempelet som kulturmiljøfredninga fører med seg. Sjølv om Skudeneshavn er stille i vintermånadane, er det ein tendens til profesjonalisering. Til dømes har Verdens Minste Kafe gått frå å vere drive av frivillige til å ha heiltidsansatt. Folk får og større kunnskap om kulturhistorie ved at stader blir tatt i bruk, som til dømes Bade-Olena, som dei fleste no veit historia bak, på grunn av den nye møteplassen som er etablert. Mange som bur i gamle Skudeneshavn har god kunnskap om bygningsvern.
Aktiv bruk av kulturmiljøet er bærekraftig og gir god livskvalitet
Astrid Havn Tranøy
SKUL si forskning viser breid semje om at kulturmiljøet Skudeneshavn best blir verna og tatt vare på gjennom bruk. Dei fleste som kjøper seg hus i gamle Skudeneshavn har stor interesse for kulturmiljøet og historia til staden. Tåkelurfabrikken, som er blitt tilhaldsstad for Sør-Karmøy husflidslag, og Tidens minde som har gått frå bakeri til skjenkestad, er døme på ny bruk av gamle bygg.
Aktiviteten i Skudeneshavn skaper mange gode møteplassar og arenaer for tenestetilbud, opning for å vedlikehalde sosiale relasjonar, og å delta i rekreasjonsaktivitetar. Alt dette er viktig for dei fastbuande, for helsa og trivselen. Bruken av kulturmiljøet bidrar til å skape eit bumiljø med gode kvaliteter, som sosiale arenaer, kultur og rekreasjonshøve, auka sivilt engasjement og kunnskap. Stadsidentitet og tilhøyrsle blir bygga, og kan opne for inntektskapande arbeid og sysselsetjing. Til saman kan alle desse faktorane auke buglede og trivsel. Andre faktorar som spelar inn for sosial bærekraft, er opplevinga av å bu i eit trygt miljø, ha eit sosialt nettverk rundt seg, høve til å nytte friluftsliv og handel og eit godt tenestetilbud.
Bruken av kulturmiljøet Skudeneshavn, som saman med andre faktorar er med å påvirke livskvaliteten, er i følge SKUL, nøkkelen til dei positive ringverknadane. Kulturmiljøet skal ikkje berre bevarast, det skal brukast.
Forskningsrapporten SKUL kan du lese ved å klikke på lenka her.
Påmelding nyhetsbrev: