Kulturstipend til tre unge Karmøybuar

Tre spennande utøvarar innan idrett, visuell kunst og musikk er tildelt kulturstipend for 2024 av hovedutval oppvekst og kultur.

Karmøy kommune sitt kulturstipend blir i 2024 tildelt:

Aleksander Mokleiv - visuell kunst

Føremål: Søker stipend for å sette opp ein egen audiovisuell utstilling/opplevelse som kombinerer kunst, foto, musikk, 3D/animasjon, mote og håndverk.

Aleksander er utflytta Karmøybu frå Avaldsnes. Han har allerede nådd å samarbeide musikalsk med Bernhoft, laga heilanimert musikkvideo for Ballinciaga, og arbeider med 3D design for Holzweiler for å bygge deira merkevare.

Mari Liknes - musikk

Føremål: Søker stipend til innspilling av EP i ABC studio i Etne. Mari har allerede gitt ut 10 singlar under sitt navn, der to av låtene er framført på The Voice 2024. Med ein EP ynskjer ho å gi lyttarar litt meir å lytte til, og forståelse for kven ho er som artist.

Mari er frå Liknes, sist sett på nasjonalt fjernsyn i the Voice, 2024 og har opptrådt på mange lokale scener, både med og utan band.

Sivert Jøsang - idrett

Formål: Søker stipend til eit nytt skjefte til våpenet som er spesialtilpasset utøveren innan skiskyting. Eit nytt skjefte kan bidra til kvalitet på skyting og ein bedre treffprosent på både trening og konkurranse. Han har som mål å delta i junior-VM i Østersund.

Sivert er frå Kopervik, bur for tida i Sirdal og har mellom anna vunne bronse i NM i rulleski.

 

Kulturstipenda blir delt ut på ordføraren sin nyttårsmottakelse laurdag 4. januar.

Retningslinjer for kulturstipend.

 

Meld deg på nyhetsbrev

Les tidligere sendte nyhetsbrev