Oppstart av regulering av omkjøringsvegen på Åkra

av Anders L. Eie sist endret 09.11.2017 - 09:45
Statens vegvesen skal, i samarbeid med Rogaland fylkeskommune og Karmøy kommune, i gang med å utarbeide ein detaljregulering for ny fv. 47, på strekningen frå Åkra sør til Veakrossen. Vi ber med dette om innspel til planarbeidet.
Oppstart av regulering av omkjøringsvegen på Åkra

Flybilde av Åkra, ser mot Veakrossen

Skildring av prosjektet

Eksisterande fv. 47 går i dag gjennom Åkrehamn. Vegen fungerer her både som handlegate, bustadgate og gjennomkøyringsveg. Dette medfører ulemper både for bebuarar og næringsliv. Det er difor ønskjeleg å avlaste dagens veg gjennom Åkrehamn, for å betre sentrumsmiljøet og forholda for bussar, gåande og syklande. Ny fv. 47 inngår i Haugalandspakken. Du kan lese meir om denne på www.vegvesen.no/vegprosjekter/haugalandspakken.

Det har blitt utarbeidd ein kommunedelplan som legg ny fv. 47 aust for Åkrehamn, på strekninga frå Søre/Austre Liknesveg, vidare nord mot Killingtjørn og Tostemmen, deretter nordaust mot Heiavatnet, og derifrå mot Veakrossen (krysset med fv. 852 Austre Veaveg). Det blei utarbeidd konsekvensutgreiing og fleire tilleggsutgreiingar til kommunedelplanen. Kommunedelplanen blei vedteken av Kommunal- og moderniseringsdepartementet 02.12.16.

Hensikta med det varsla planarbeidet er å utarbeide ein detaljregulering for nytt veganlegg med tilliggande areal, i samsvar med den nemnde kommunedelplanen. I planarbeidet inngår det å regulere ny tilførselsveg frå Rådhusvegen austover mot nytt kryssområde ved Killingtjørna, og ny tilførselsveg frå Grindhaugvegen austover langs med Myrdalvegen til nytt kryssområde sør for Jonterolmyrå.

Statens vegvesen kan, innanfor det varsla planområdet, kome på synfaringar, gjere grunnundersøkingar, registreringar, foreta oppmåling og anna. Ved eventuell utføring av grunnundersøkingar og arkeologiske registreringar vil grunneigarar bli varsla særskilt.

Gjeldande arealbruk

Det varsla planområdet er disponert som områder for landbruk, natur og friluftsliv, og ulike områder for busetjing, sentrumsformål og næring. I vedteken kommunedelplan (plan 668) er planområdet disponert som veg, landbruksområder og byggeområder. Det varsla planområdet er omfatta av ei rekkje reguleringsplanar. Desse forholda vil bli skildra som del av det kommande planarbeidet.

Aktuelt regelverk

Dette varselet er sendt ut i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8. Planen vil bli utarbeidd som detaljregulering, etter plan- og bygningslova § 12-3. Statens vegvesen og Karmøy kommune vurderer at tiltaket ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing. Det er tidlegare utarbeidd konsekvensutgreiing for fleire vegalternativ som del av vedteken kommunedelplan.

Framdrift og frist for innspel

Det blir informasjonsmøte om oppstart av planarbeidet i Storsalen på Karmøy kulturhus den 21.11.17, kl. 18.00. Vi vil og holde open kontordag i Karmøy kulturhus den 28.11.17, kl. 13.00-18:00.

Planoppstart er og kunngjort på www.vegvesen.no/Fylkesveg/fv47akrehamn. Vegvesenet si nettside inneheld informasjon om prosjektet, og blir oppdatert jamleg.

Det blir høve til å uttale seg under høyring og offentleg ettersyn av planforslaget. Dette vil skje i løpet av hausten 2018. Vi kjem då til å halde eit nytt informasjonsmøte og ny open kontordag, der vi vil presentere detaljreguleringa. Vidare behandling etter høyring og offentleg ettersyn vil skje i hovedutvalg teknisk og miljø og i kommunestyret. Målsettinga er å ha ein vedteken detaljregulering i løpet av 2018.

Innspel

Har du synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar til oss? Vi ber om at du sender dei innan 15.12.17, merka med "Plan 2107 - detaljregulering for fv. 47 Åkra sør–Veakrossen, i Karmøy kommune". Vi ber grunneigarar om å informere dei som eventuelt har rettskrav.

Send dette til:

Statens vegvesen
Askedalen 4
6863 Leikanger

eller på
e-post: firmapost-vest@vegvesen.no.

Ta gjerne kontakt

Har du spørsmål om planarbeidet? Kontakt gjerne

Kjetil Medhus
E-post kjetil.medhus@vegvesen.no
Telefon 482 07 856.

Side-alternativer

Byplanlegging

Facebook 2 ikon Twitter-ikon Instagram You Tube RSS-Ikon

Kommende hendelser
Dialektmøte: Fastlandsdialekten
23.11.2017 - 19:00
Arrangementet er sponset av Fritt Ord og er i samarbeid med Karmøy ...
Norheim kulturhus
MiniMoro - Boffen er syk
25.11.2017 - 11:00
Er man syk, får man spise så mye HUNDEKJEKS man vil. Av: Sigrun T. ...
Norheim kulturhus
MiniMoro - Boffen er syk
25.11.2017 - 13:30
Er man syk, får man spise så mye HUNDEKJEKS man vil. Av: Sigrun T. ...
Karmøy kulturhus, Åkrehamn
Ordførerens time på biblioteket
28.11.2017 - 17:00
Kom og slå av en prat ordfører Jarle Nilsen.
Hovedbiblioteket i Kopervik
Velkommen til konsert - Parkert piano
29.11.2017 - 18:00
I samarbeid med Karmøy folkebibliotek, Karmøy kulturskole og Storhall ...
Storhall Karmøy, 2. etg., Slettavegen 130, Veavågen
Tidligere hendelser…
Kommende hendelser…
Rettigheter tilhører Karmøy kommune.